Konstituert Vågsøy-lensmann Tor Sæther ber folk sjekke om dei manglar ei tennvæskeflaske av merket Blåtind.

Etter at nokon sette fyr på døra til Sør-Vågsøy kirke natt til laurdag, blei det funne ei Blåtind tennvæskeflaske på åstaden.

- Det er ei blank flaske, og dermed ei tennvæskeflaske som ikkje er heilt fersk, seier lensmannen.

Flaskene med tennvæske frå Blåtind som er i handelen no, er brune på farge.

- Vi vil derfor be folk undersøke om dei manglar ei slik flaske med Blåtind tennvæske. Det kan vere i garasjen, i kjellarar eller under ein veranda. Og at dei då melder i frå til politiet om dei manglar ei slik flaske, seier Sæther.

Han ber også folk melde i frå om dei trur dei kan mangle ei slik flaske.

- Flaska stod på åstaden. Ein kan ringe direkte til Vågsøy lensmannskontor om ein finn ut at ein kanskje manglar ei slik flaske, oppmodar Sæther.