Ein oppvekst i kjølvatnet av krigen har sett sine spor hos lokalhistorikar Terje Sølvberg.

– Alle snakka om krigen den gongen, og det prega folk veldig, fortel Terje Sølvberg.

Den lokale krigshistorikaren frå Måløy vart fødd i 1946, eit år etter krigens slutt, og leika mykje mellom anna på Moldøen. Men ein dag vart det slutt på leiken på «øyna» for ei stund.

– Dei militære kom og grov fram 42 udetonerte granatar berre fem centimeter under torvene der vi leika, seier Sølvberg, som forklarte at det vart gått manngard på Moldøen i 3–4 veker etter dette for å sørge for at området var trygt å ferdast på.

Uteområda i Måløy var prega av krigen i etterkrigsåra, og bunkerane vart ofte brukt som spennande leikeplassar av barna i Måløy.

Motstandsmenn i familien

Både far til Sølvberg, Arne, og onkelen Sverre Skibenes var motstandsmenn. Dei leverte olje, og passa på at fiskebåtane som skulle over Nordsjøen fekk det dei trengde. I tillegg tok dei i mot hemmelege agentar og hjelpte desse vidare inn i landet.

– Onkel Sverre var formann i skyttarlaget, som dreiv mykje med illegal våpentransport. Han vart tatt og send til Tyskland. Han fekk arbeid på ein el-verkstad i ein konsentrasjonsleir, og såg troppane med dei som skulle henrettast gå forbi. Han var kvar dag redd for å sjå nokon han kjende.

Forteljingar

Om kveldane i skumringstimen, mintest Sølvberg at foreldra kunne sitte og fortelje om tidene før og krigshistoria. Då unge Sølvberg gjekk på realskule i Måløy, var det engelsklæraren, Kristoffer Nore, som var mest opptatt av å fortelje frå krigens dagar. Han hadde vore i Kompani Linge, og vart høgt dekorert for innsatsen.

– Hugs at i Måløyraidet rakna den første tråden i Hitler si kappe, sa han til oss.

Og 70 år seinare har forteljingane, og 15 år med studiar av lokalhistorie, sett sine spor hos måløyværingen som i dag brukar mykje av pensjonisttilværet til å sørge for at historiene ikkje vert gløymde. Enten som medforfattar av bøker, som støttespelar til TV-produksjonar frå BBC eller som guide og historieforteljar for turistar og skuleborn.

Krigsåra førte til store forandringar i Måløy, og mykje av staden måtte byggast på nytt.

– Interessa har forsterka seg, seier Terje Sølvberg.

8. mai 1945

For han er derfor frigjeringsmarkeringa i Vågsøy denne helga svært spesiell.

– Den 8. mai 1945 var fem år med eit nakkegrep på alle over. Redsel og undertrykking slapp taket. Det var impulsive gledesutbrot og glade festdagar i Måløy. Radioane vart henta tilbake frå lageret på Raudeberg, og det vart sett på full musikk. Dei norske flagga kom fram igjen og til og med gatelysa, som hadde vore sløkte under krigen, kom på. Krigsfangane kom heim og vart borne på gullstol gjennom gatene, fortel Sølvberg.

– Markeringa vi skal ha er ein måte å synleggjere krigshistoria og at det skjedde noko også i dette området. Vi hadde krig og angrep, og vi hadde fredsdagar. Dei som opplevde krigen gløymer det aldri, seier Sølvberg.