– Eg deler synet som Åge Senneset (V) og Nina Grotle (Ap) har, at dette var ei sak som skulle tilbake til kommunestyret. Dette var eit forprosjekt, seier Ann Irene Gulestøl (H), som er vara til kommunestyret.

Ein av dei dagane ho blei kalla inn som vara var 15. juni i fjor då forstudien til framtidas helsetenester var oppe.

– Så då du stemte oppfatta du ikkje dette som tiltak som skulle setjast i verk?

– Vi må få ein orientering om kor det ligg at dette var vedteke. Det som låg i vedtaket var jo at dette skulle tilbake til formannskap eller kommunestyre for endeleg avgjerd.

Sov ein i timen?

Charlotte Skjølberg (SV) forklarar at også ho reagerte med undring då dei blei kjend at ein allereie var i prosess med å flytte helsestasjonen frå ytre til Svelgen.

– Vi kan ikkje skulde på administrasjonen. Det er vårt ansvar å få dette med oss, seier Skjølberg, som lurer på om det kan ha noko med debatten om innsparingar i oppvekstsektoren som gjekk like før å gjere.

– Kanskje konsentrerte vi oss for mykje om det som skjedde i skulesektoren, og for lite om helse. For det blei lite debatt om helsesektoren, seier ho.

Skjølberg forventar at forvirringa rundt kva som eigentleg ligg i dette vedtaket vil bli gjenstand for diskusjon i neste kommunestyremøte 1. mars.

– Eit forprosjekt gir moglegheita til å gå vidare med ei endå grundigare utgreiing. Det er viktig at det går klart fram så ein veit 100 prosent kva ein stemmer over og når vedtak er gjort. Om det er uklart når noko er vedteke, vil ein kanskje bli redd for å stemme i saker.

– Av prinsipp er eg imot sentralisering, og helsestasjonen er veldig viktig for meg. Det er eit lågterskeltilbod for menneske i ein sårbar situasjon. Men eg er likevel villig til å sjå på mykje før eg tek avgjerda om kva kommunen prioritere og kva som kan vere mogleg å diskutere.

Ikkje kome langt

Ordførar Audun Åge Røys (H) har ikkje kome noko lenger med å få avklart om det var reell forvirring i kommunestyret om hensikta med dette vedtaket.

– Vil det ikkje vere naturleg å diskutere situasjonen som har oppstått, og få avklart kva som eigentleg ligg i dette vedtaket?

– Eg ser der kan vere ein del misforståingar og det må vi sjølvsagt oppklare.

– Stoppar ein prosessen med flytting av helsestasjonen medan det blir oppklart?

– Prosessen er i gang, men ikkje kome langt. Vi må gjere ei ombygging i Svelgen, og det er ikkje begynt på enno. Det kan hende vi set det litt på vent, utan at eg kan seie det no.