– Før så var det gjer­ne slik at ein flyt­ta vekk for å kun­ne sty­re sitt eige liv, men med mo­der­ne tek­no­logi og kre­a­ti­vi­te­ten som blø­mer, så har det blitt kult å flyt­te heim for å kun­ne vere med å styr­ke lo­kal­mil­j­øet, for­tel An­ders Os­dal.

Ungdomane som var på ungdomskonferansen Framflyt trur merksemda rundt lokalt næringsliv kan føre til at det blir kulare å ein gong flytte heim igjen.

Aukar kjennskapen

Osdal, Agnes Pauline Moldestad Thunem, Amalie Bakkebø og Ronja Jahn deltok saman med om lag 470 andre elevar frå Selje, Bremanger og Vågsøy på ungdomskonferansen Framflyt, som vart arrangert tysdag på Måløy vidaregåande skule.

Les også:

Arrangementet fann stad for tredje gong og er ein konferanse av ungdom for ungdom, der målet er at dei framtidige arbeidstakarane skal få auka kjennskapen til det lokale næringslivet.

Lefdal Mine, Frequency, VideoNor, Toyota Nordfjord, Kraftstasjonen og ByggOpp presenterte bedriftene sine frå scena og hadde saman med andre aktørar stands der elevane kunne få meir informasjon.

Overvelda

Elevane er imponerte over dei mange bedriftene som finst i nærmiljøet.

– Den mest spanande presentasjonen var Lefdal Mine, ikkje nødvendigvis fordi eg vil jobbe der, men det er eit interessant prosjekt, understrekar Jahn.

10.-klassingane brukte lunsjen til å vitje ulike stands for å høyre om kva næringslivet hadde å tilby dei i framtida.

– Eg har nok ikkje sett bedrifter som eg kan tenke meg å jobbe for, det er ikkje heilt innanfor det eg vil bli, fortel Osdal, som ser føre seg å bli lærar.

Sjølv om han enno ikkje har flytta vekk, er det ikkje umogleg at han ein dag vil flytte tilbake.

– Det kan fort skje at eg flyttar heim, dersom alt ligg til rette for det, seier 15-åringen.

Etter stands, presentasjonar, konkurransar og kulturinnslag ved «Idol-Jørn» og «Idol-Tara» var elevane samde om at dei hadde fått mykje inspirasjon til vegen vidare.

– Ein dag som denne set i gong tankane om kva ein vil bli. Ein får mange gode innspel slik at ein kan ta gjennomtenkte val seinare, fortel Bakkebø.