3.-klassingane ved Skram og Skavøypoll skule var dei første som fekk besøke det nyopna biblioteket i Måløy sentrum.

– Det har blitt veldig fint her, og vi gleda oss til å låne bøker, fortel Kristian Kvalheim, Sali AlShab og Andri Sigurbjörnsson, som alle går i 3. klasse ved Skram skole.

3.-klassingane lo, æsja og hoia i ein heil time.

– Han var litt rar og veldig morosam, seier Emma Pettersen Ådal, som går på Skavøypoll skule. Ho hadde kanskje lyst til å låne ei bok av forfattaren etter dei spanande historiene hans.

Ikkje siste gong

Lærarane Fride Oksholen og Bente Haug Eide ved Skram skole var imponert over det nye biblioteket.

– Elevane er i den alderen at dei syns det er kjekt å lese bøker. Det blir nok fleire besøk framover, understrekar Oksholen.

Plass til å invitere

Bibliotekar Tamara Sortland og tenesteleiar for kultur i Vågsøy kommune Odd Gunnar Myhre har venta lenge på å få opne dørene til det nye biblioteket i Gate 1.

– Det kjennest godt. Det har vore ei lang ventetid, og det har vore ein del folk som har kika inn vindauga og banka på. Så det er nok mange som har venta på at vi skulle opne, seier Sortland.Biblioteket heldt tidlegare til i Heradsheim i Måløy sentrum.

– Før kunne publikum berre sjå bokryggane, noko som ikkje er like innbydande som ei fin framside. Det såg rett og slett litt kjedeleg ut. Barneavdelinga er nok min personlege favoritt i det nye biblioteket. Her har det blitt veldig kjekt, fortel Sortland.

Noko Myhre er samd i.

– Vi har fått det slik som vi vil ha det, og slik vi trudde det skulle bli. Vi håpar å skape ein møteplass, så det er veldig kjekt at folk kan sette seg ned å vere på biblioteket ei stund, når dei fyst kjem innom, seier han.