– Kanskje har det oppstått nokre misforståingar når det gjeld gangen i prosjekta, forstudium – forprosjekt – hovudprosjekt. Når ein ser på lista over forslag som vi vedtok, så kan ein sjå at det er ei blanding, noko er utført, noko skulle tilbake til kommunestyret og noko skulle settast i verk, sa ordførar Audun Åge Røys (H), og sonderte terrenget for kor mange av kommunestyret som ønskte saka behandla igjen.

Og det var ikkje tvil om at forvirring var realiteten for mange av politikarane i kommunestyret. Fleire hadde ikkje oppfatta at det på denne lista over moglege tiltak var ulik status på forslaga, og det kom derfor overraskande på dei tidlegare i år at arbeidet med å flytte helsestasjonen frå Hauge til Svelgen allereie var i gang.

– Når det er sådd tvil ved om politikarane forstår sine eigne vedtak eller om administrasjonen forstår kva politikarane vedtek, støttar Ap ordføraren i å ta saka opp igjen, sa Åse Leirgulen (Ap), og fekk støtte av fleire frå talarstolen, mellom anna Åge Senneset (V) og Charlotte Skjølberg (SV).

– Det er ganske drygt. Hugs at de er arbeidsgjevarane våre òg.

Hans bekymringsspørsmål til politikarane var kva ein gjer med prosjekta som allereie er sett i gang.

Svaret blei ja. Eit samla kommunestyre valde å ta saka opp igjen til behandling i neste kommunestyremøte.

Alle forslaga som er på vent

Dette er lista over forslag til innsparingstiltak som låg i kommunestyrevedtaket frå juni 2017:

• Gjennomføre endringstiltaka i Elvavegen og opprette personalbase for bebuarar med behov for personale tilgjengeleg 24/7.

• Samlokalisere dei tilsette i OOI, Davik på Klokkartunet.

• Finne løysing på deltaking i interkommunal legevakt.

• Opprette eige lokalt utviklingsprosjekt for velferdsteknologi og setje av investeringsmidlar i 2017.

• Arbeide vidare med produksjon og ordning av transport av mat til heimebuande.

• Samordne jordmortenesta ved Svelgen helsesenter.

• Samordne helsestasjonstenesta ved Svelgen helsesenter.

• Planlegge å setje i drift førebyggjande team.

• Sikre vidare arbeid for å fullføre ein strategisk plan for helse og omsorgssektoren i Bremanger kommune.

• Arbeide kontinuerleg med forbetring/omstilling av organisasjonen.

• Samlokalisere Aktiv jobb, ytre ved Haugetun/Hogslia.

• Setje ned forprosjekt for å greie ut konsekvensane av å samordne helsetenestene i eitt helsesenter i Svelgen.

• Arbeide vidare med rekruttering.

• Arbeide vidare med mål om å redusere sjukefråværet.

• Halde dialog og påverke plan for beredskap knytt til ambulanseteneste.

• Vurdere å endre organisering av OOI og OOY.

Samordning av legetenestene blei tatt ut av lista allereie i juni, og no er også alle desse innsparingstiltaka stansa i påvente av at politikarane skal behandle saka på nytt.