Sveinung Rotevatn med gledesgåve: Ei løyving på to millionar til Måløyraidsenteret.

– Venstre sikrar dei siste to millionane til Måløyraidsenteret i revidert nasjonalbudsjett, jublar Sveinung Rotevatn (V).

Han er sikker på at alt ligg til rette for oppstart av Måløyraidsenteret til neste år.

– Eg er svært godt nøgd med å ha fått på plass ei ekstraløyving på to millionar kroner. Venstre har jobba for dette, og er glade for gjennomslag i forhandlingane med dei andre samarbeidspartia, seier stortingsrepresentanten til Fjordenes Tidende.

Tidlegare i vår kom nyhendet om at regjeringa stiller med ei årleg driftsstøtte på 600.000 til det planlagte krigssenteret i Måløy.

Likevel har det mangla tilstrekkelege løyvingar til å kome i gong med prosjektet. Med dei siste to millionane som no kjem etter budsjettforhandlingane, bør alt ligge til rette for oppstart allereie neste år.

– I 2016 er det 75 år sidan Måløyraidet fann stad. Eg håpar at desse siste millionane vil vere nok til at vi kan få opna senteret til jubileet, seier ein svært nøgd Rotevatn, og held fram:

– Måløyraidet er ei historisk hending av stor nasjonal betydning. Gruppa med entusiastar som har halde dette prosjektet gåande har gjort ein formidabel jobb, og difor er eg svært glad for å kunne bidra til at prosjektet no for alvor nærmar seg realisering. Venstre håpar dette kan bli eit senter som kan tiltrekke seg stor merksemd og eit stort publikum, slik at det blir eit viktig bidrag til vår nasjonale historieforteljing.

Løyvinga på to millionar kroner kjem over Kulturdepartmentet sitt budsjett, og vert kanalisert gjennom Musea i Sogn og Fjordane.