Helse Førde har no tatt i bruk eit system der medisinbruken blir registrert elektronisk. Dette skal auke pasienttryggleiken og gje behandlarane enklare tilgang til status for sine pasientar, opplyser helseføretaket.

​Penn og papir vart denne veka bytta ut med nettbrett på medisinsk sengepost i 8. etasje på Førde sentralsjukehus. Opplysningane  som no blir ført elektronisk, følgjer pasienten gjennom behandlingsforløpet. Vekk er papirskjema og handskrivne notat.

Alle legemiddel pasientane får, blir ført inn elektronisk i standariserte skjema som alle aktuelle behandlarar kan sjå på sine skjermar. Det same gjeld kurvene for eksempelvis temperatur, blodtrykk, tilført væske med meir. Straks dei er registrerte, er desse elektroniske opplysningane tilgjengelege for aktuelle behandlarar på tvers av avdelingar og etasjar i sjukehuset. Og alle får sjå dei eksakt same opplysningane.

Systemet skal takast i bruk i alle Helse Vest-sjukehusa, og blir innført gjennom eit Helse Vest-prosjekt kalla KULE, som står for KUrve og LEgemiddelhandtering.

- For deg som sjukehuspasient gjev dette auka tryggleik, og du veit at helsepersonellet  er oppdatert på kva medisinar du har fått og på dei målingane som er gjort på deg, seier Helge Eide, prosjektleiar for innføring av KULE i Helse Førde.

- Tilbakemeldingane frå personalet er veldig gode, og vi ser allereie no at dette kjem til å fungere, seier Helge Eide.

- I starten er det sikkert litt uvant å jobbe slik, men når vi får brukt systemet blir det både raskare og tryggare for pasientane.

Eide gler seg til at systemet blir breidda ytterlegare ut i Helse Førde. I Lærdal startar medisinsk sengepost opplæringa denne veka, medan tilsvarande post på Nordfjord sjukehus er i gang kommande måndag. Og om cirka halvanna veke er KULE tatt i bruk også der.

Etter kvart vil systemet også bli tatt i bruk ved andre sjukehusavdelingar i Helse Førde.