– Den nye vegen? Den skal eg ta i bruk frå 17. mai, utbryt Frank Husevåg frå Deknepollen på spørsmål om kva han tenkjer om moglegheitene den nye vegen bringer med seg.

Husevåg pendlar fleire dagar i veka frå Deknepollen i Vågsøy til Svelgen og jobben som prosjektleiar bygg i Bremanger kommune.

Han ser berre lyspunkt med den nye vegen for sin eigen del.

– No reiser eg via Stårheim-Isane og bruker ein halvtime på kvar side av ferja i reisetid. Til saman blir det cirka tre timar reiseveg tur-retur fordi ein jo må legge på litt for å vere sikker på å nå ferja, ta omsyn til om det er glatt på vegen og liknande, seier Husevåg.

Med ny veg via Bremangersambandet får Husevåg om lag halvert køyrelengda. Ferjetida vert på si side dobla, men alt i alt vil vegen til bli nær ein halv time kortare for pendlaren ein veg.

– Tre minutt over Måløybrua, inn på ferja og ein halvtime etterpå, smiler Husevåg.

Det einaste han kan peike på som kan forbetrast er kapasiteten ved og rutetidene for Måløy-Oldeide. Både på morgonen og ettermiddagen er der hol i ruta som gjer den lite fleksibel.

– For å rekke 15.15-ferja frå Oldeide må eg gå frå jobb 14.30. Neste ferje er ikkje før 17.00. Løysinga blir då for meg å tenke tidleg og seint annankvar dag, eventuelt vurdere gamlevegen innimellom, seier Husevåg som håper endra reisebehov vil gje rom for endring av rutetider og auke i avgangar.

Alt i alt er han likevel godt fornøgd.

– Ja, sjølvsagt! Eg gler meg. Dette vil lette kvardagen og gjere at eg held ut lenger i pendlartilværet. For det vil eg gjerne. Eg har ein triveleg arbeidsplass med mange dyktige arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø!

Les meir om vegopninga i papirutgåva onsdag 15, mai.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.