John Olav Lefdal oppmodar Bremanger, Selje og Vågsøy til å kome på bana slik at dei kan nyte godt av framtidige cruiseanløp på Nordfjordeid.

Den planlagde seawalken på Nordfjordeid skal ligge klar 1. mai neste år, og ifølge investor og medeigar i seawalken, John Olav Lefdal, har ein allereie sikra seg ti cruiseanløp sommaren 2017. No ønskjer han å etablere kontakt med reiselivsaktørar i regionen.

Han ser føre seg at turistane som kjem med cruiseskip til Nordfjordeid kan nyte godt av tilboda i ytre Nordfjord.

– Vi har blant anna Vågsberget, Kannesteinen, Kalvåg, Selja kloster, båttur til Silda og rundturar til Stad med presentasjon av Stad skipstunnel, men det er lokale krefter i Vågsøy, Bremanger og Selje som må drive destinasjonane, seier Lefdal, som understrekar at han er ute etter vekst i heile Nordfjord.

Saman med Lefdal har Arthur Kordt i Turistutvikling AS gått inn med 6 millionar, Eid kommune med 3,2 millionar og ein har sikra seg bankfinansiering på det resterande beløpet.

– Målet er å få flest mogleg av dei båtane som ikkje får kaiplass i Olden, Sogn og Geiranger. Dei som må ligge på anker vil no få tilbod om å legge til kai på Eid, seier Lefdal, og legg til:

Så langt har ein sikra seg ti cruiseanløp neste sommar, men ein ser føre seg at det skal bli om lag 50 anløp per sesong på Nordfjordeid. Ifølge Arthur Kordt i Turistutvikling AS kan dette gje eit inntektspotensiale på 100 millionar kroner i året.

– Vi reknar med eit inntektspotensiale på to millionar kroner per anløp. Dette avheng av entreprenørskap og viljen til å satse. Alt dette blir ikkje lagt att i sentrum av Nordfjordeid, men rundt om i regionen. Berre i shoppingpotensiale ser vi føre oss 25 til 30 millionar. Om ein har 50 anløp, får ein 50 «handlelaurdagar» for handelsstanden. Det blir ikkje slik over natta, men det er slik ein må sjå på det, seier Kordt.

– 25 prosent av desse vil vere på Nordfjordeid og i nærområdet. Så det er slett ikkje slik at alle turistane skal bli bussa ut av kommunen til andre destinasjonar. Vi må løfte heile regionen, seier han, og legg til:

– Kaia ligg klar, vi har fått ferdig prisa utlegging av anker og bøye og finansiering er på lass. Alt er klappa og klart for cruiseanløp komande sommar.