Føraren av den eine bilen som var involvert i den tragiske dødsulukkapå Rv 15 ved Bryggja skjærtorsdag føremiddag ligg på Førde Sentralsjukehus, oger alvorleg skada.

Ved AMK-sentralen ved Førde sentralsjukehus fekk Fjordenes Tidende opplyst litt før klokka 15.00torsdag ettermiddag at skadane mannen har fått i kollisjonen er alvorlege, men atsituasjonen er stabil.

Den skada er ein mann i midten av 40-åra.

Mannen skal ha blitt operert, og vidareført til intensivavdelinga vedsjukehuset.

Denne mannen var åleine i bilen då ulukka skjedde.

Bilen han køyrde fekk store skader, og vart liggande på taket.

Den kvinnelege føraren av den andre bilen mista livet.

Passasjeren i denne bilen vart sendt med luftambulanse til sjukehus iÅlesund. Denne personen, ein mann, skal ifølgje politiet vere lite fysiskskadd.

Rv 15 ved ulukkesstaden har vore stengd i fleire timar.

Men det har vore omkøyring via gamlevegen gjennom Bryggja.

Bestill abonnement på Fjordenes Tidende.