– Det har vore tradisjon både på Elvisfestivalen og på O Helga Natt at vi hentar inn nasjonale stjerneartistar. No har vi funne ut at vi har så mange stjerneartistar lokalt, at det blir berre lokale artistar i år, fortel Lars Kjølen i El-visfestivalen.

Nye og kjende stemmer

På konserten, som blir arrangert 2. desember i Sør-Vågsøy kirke, skal ni artistar sette dei frammøtte i julestemning. Desse er Randi Melheim, Isak Søraa, Frithjof Jørgen Silden, Gunnar Domstein, Jakob Hals, Håkon Kongshaug, Emilie Strømmen, Terje Våge og Adrian Domstein.

Arrangørane har sett opp ei liste med julesongar som dei ønskjer å ha med på konserten, og så har artistane sjølve valt kva songar dei vil synge. Kjølen fortel at det står 21 julesongar på programmet, men ønskjer ikkje å røpe for mykje.

Garanterer julestemning

Sjølv om det er Elvisfestivalen som står som arrangør for julekonserten seier Kjølen at ein ikkje kan vente seg songar frå kongen av rock and roll.

– Etter mi meining er det vi gjer i år meir spennande enn nokon gong. Vi har flotte solistar, i tillegg til Elviskoret og delar av Sideshow Bob. Det blir eit variert program, men det blir ikkje noko elvismusikk. Det blir ein Elvis-fri julekonsert med både tradisjonelle og nye julelåtar i gamal og ny drakt, forklarar han.

– Det er ei glimrande moglegheit til å kome i julestemning tidleg i desember. Vi har fått gode tilbakemeldingar på konsertane vi har arrangert i kyrkja, og sidan vi berre set opp ein konsert, trur vi det kan bli litt kamp om billettane, seier Kjølen, og legg til:

– Det har vore veldig moro å arrangere dette. Alle artistane har sagt ja umiddelbart. Skal det fortsette sånn er det berre moro å lage konsertar, seier Kjølen.