Eg var litt usikker på om eg skulle skrive dette, men eg gjer det likevel. Eg er for tida delvis sjukmeldt på grunn av opplevingar som eg har vore gjennom ved ein tidlegare arbeidsplass.

Tankane har eg hatt med meg kvar dag sidan eg stod i det, men fann strategiar for å skubbe det framfor meg. For å unngå den store smellen har eg passa på å heile tida ha eit høgt tempo, vere i aktivitet og ikkje sleppe til dei vonde minna. Det gjekk fint ei stund, men ikkje lenger.

Fjordenes Tidende har den siste tida hatt ein artikkelserie om trening, helse og møte menneske som har fått endra kvardagen sin takka vere trening.

Å lese om Hans Petter, Christine, Ken Tore, Kristin, Marit, Jacob med fleire har gitt meg mot til å fortelje mi vesle historie her. Vi har alle våre utfordringar, og vi taklar dei på kvar vår måte. Eg tenker at vi alle av og til kjenner på noko som vi skulle tatt tak i, men i staden skubbar vi det framfor oss.

Når ein skal ta vare på si eiga helse, må ein hugse å få med seg både kropp og sinn. Tankane heng med oss på treningssenteret, fjellturen eller joggeturen. Av og til må vi ha hjelp til å sortere desse tankane, og då er vi avhengige av eit velfungerande helsevesen som kan hjelpe oss med det. Alt heng saman.

Eg har i alle fall erfart at eg åleine ikkje greier å springe frå Styggen på ryggen, uansett kor fort eg spring.

I artikkelserien i Fjordenes Tidende møter vi også fleire av dei gode hjelparane som står rundt. Men for å få hjelp, må ein vere villig til å ta imot hjelp eller kanskje til og med be om hjelp.

Det krev mot å innrømme at ein treng hjelp. Å be om hjelp er eit teikn på styrke, ikkje det motsette, slik som det kanskje var i gamle dagar.

Vi kan nok bli endå flinkare til å verkeleg sjå menneska rundt oss. Kvar enkelt har ansvar for å ta vare på si eiga helse, men alle som står rundt kan vere med å motivere, heie, hjelpe og legge til rette.