Ope brev til Vanylven kommune

Green Nordic har presentert planar om vindmøllepark i fjellområdet mellom Sundalen/Almklovdalen og Lefdal/Kjølsdalen. Som grunneigarar i ein vesentlig del av dette området vil vi med dette brevet orientere Vanylven kommunestyre om at vi er imot desse planane. Vi kjem ikkje til å avstå grunn eller rettar av vår felles fjellutmark til vindpark.

Vi oppfordrar med dette Vanylven kommunestyre til å stå fast ved tidligare vedtak om nei til vindkraft i Vanylven.

Green Nordic har argumentert for at vindmøllepark vil gje nye grøne arbeidsplassar og tilføre kommunen meir straum. Vi stiller oss tvilande til at det vert resultatet. Straumen vil truleg bli ført sørover til Nordfjord og nye linjer til Vanylven må kostast av dei som treng det.

Gjennom dei siste 75 åra har Dalane bidrege rikeleg til sysselsettinga i Vanylven og har tålt vesentlege naturinngrep i form av bergverksdrifta her. Prisen er støy, støv, lysforureining, ristingar, ødelagt natur i tillegg til fråflytting av gardar.

Planane til Green Nordic vil rasere urørt natur og vi meiner grensa allereie er nådd for kva belastning området tåler.

Vi les og får høyre at Green Nordic har vore i kontakt med oss grunneigarar. Det stemmer ikkje, så langt kjenner vi berre til at ein av oss er kontakta. Temaet var då ikkje areal til vindparken, men alternativ vegtrase frå Almklovdalen. Vi har ikkje blitt kontakta vedrørande rettar til vindparken i fjellområdet vårt, og tykkjer Green Nordic oppfører seg uprofesjonelt når dei ikkje greier å finne eigarar av områda dei planlegg i.

Som grunneigarar vil vi at området skal forbli urørt til nytte og glede for noverande og framtidige generasjonar.