La tvilen kome naturen til gode!

Forslaget til detaljregulering av Måsholmen - Håskjær har skapt mykje engasjement lokalt i Florø. Illustrasjonsbilda som er lagt fram av utbygginga viser ei rasering av den indre skjergarden i vest, som har gjort sterkt inntrykk. Naturskaden er irreversibel, og Florelandet vil bli endra for all framtid. Dette synest dei fleste å vere samde i, både dei som er for og dei som er mot ei utbygging.

Samstundes synest dei fleste å vere samde i at det er viktig å leggje til rette for industriutvikling. Dilemmaet for politikarane er korleis ein skal balansere desse motstridande interessene. Inntrykket mitt er at fleire er i tvil.

Dersom ein er i tvil, er det godt å ha nokre styrande retningsliner for vurderinga. På miljøretten sitt område er føre-var-prinsippet ei slik grunnleggande retningsline, som mellom anna er fastsett i naturmangfaldlova § 9. Kjernen i prinsippet er at dersom eit tiltak medfører risiko for alvorleg eller irreversibel skade på naturen, så kan ein ikkje velje å utføre tiltaket med den grunngjevinga at ein ikkje har sikker vitskapleg kunnskap om at skaden vil skje. Tvilen skal kome naturen til gode.

Føre-var-prinsippet kjem kanskje ikkje direkte til bruk i denne saka, for følgjene for naturmiljøet er nokså sikre. Som Statsforvaltaren peikar på i si høyringsfråsegn: Utbygginga vil føre til store irreversible miljøskadar for eksisterande fauna og marin flora både over og under vassoverflata, og for landskapet og friluftslivet. Spørsmålet er om desse ulempene skuggar over fordelen med containerhamn og utvida industriareal i Gunhildvågen.

Dei politikarane i Kinn kommune som er i tvil, kan likevel trygt lene seg på det grunnleggande omsynet som prinsippet kviler på: Tvilen må kome naturen til gode.

Eg meiner at ei slik rasering av det nære kystlandskapet som det her er tale om, berre bør vedtakast dersom det er tvingande naudsynt. Om vi har kritisk mangel på industriareal, arbeidsplassar står i akutt fare, og alternative plasseringar er utgreidd og umoglege, kan det vere rett at naturen må vike. Men det er ikkje situasjonen i Florø. Vi har råd til å ta vare på naturen. Vi har ikkje råd til å la vere.