Denne gongen skriv eg direkte til deg som med vilje har øydelagt andre sin eigedom. Det har siste året blitt skrive fleire leiarar i Fjordenes Tidende om hærverk. Dessverre er det framleis aktuelt, og derfor skriv eg no direkte til deg som har gjort eller kanskje vil gjere hærverk.

Eg veit ikkje kven du er, og eg har ikkje noko imot deg personleg. Du har sikkert mange gode sider, og er flink til mykje. Det eg Ikkje forstår er handlingane dine. Kva sit du igjen med etter at du har øydelagt noko som andre eig?

Nokre gongar er ein uheldig og øydelegg noko utan å ville det, og då kan ein rette opp og erstatte det som har blitt øydelagt. Det eg ikkje forstår, er når ein aktivt går inn for å gjere skadeverk på andre sin eigedom eller noko som vi alle eig i fellesskap.

Du skapar frykt, frustrasjon og sinne i heile lokalsamfunnet med å gjere hærverk. Om det er det du vil oppnå, så lurer eg på kva glede du har av det?

Ein konsekvens av skadeverka kan vere at alle får innskrenka fridomen sin. Det må settast i gong tiltak som kameraovervaking. Eit døme på dette er uteområdet rundt Vågsøy ungdomsskole som no blir kameraovervaka.

– Skuleområdet er eit nærmiljøanlegg, så det er klart at det er mykje aktivitet her. Det er jo veldig bra, men vi kan ikkje leve med at nokon få utfører skadeverk på uteområdet og eventuelt på sjølve bygningane. Disse øydelegg for dei andre som bruker området, seier representanten frå Kinn kommune.

Hærverk er eit samfunnsproblem. Det er ei kriminell handling som samfunnet kjempar imot med førebygging, overvaking, kontroll, vakthald, straffereaksjonar og haldningskampanjar. Dette kostar samfunnet dyrt, og desse pengane kunne i staden vore brukt på kjekkare prosjekt.

Du kan gjere ein forskjell! Du kan velje å ikkje øydelegge. Du kan velje å stoppe andre som er i ferd med å gjere hærverk. Eg har trua på deg. Du kan ta dei rette vala.