Rullar R-en vidare i Bremanger?

Som sikkert mange hugsar vart Bremanger-R-en ein nasjonal kjendis i 1991. Etter initiativ av ordførar Svein Kåre Senneset gjorde hovudutval for kultur i saka: «Dialektsærpreg i Bremanger kommune» eit vedtak om at det var viktig å ta vare på rulle-R-en i målføret.

Skarre-r-en var nemleg i ferd med å få plass i munnhola, og den måtte vi ikkje la rulle inn. Særleg Florø si bydialekt påverka Bremanger, der ytre del av kommunen var mest standhaftig i sin rulle-R-praksis.

Eg oppdaga sjølv då eg jobba i ytre del av kommunen at det var ei herleg blanding av r-uttalen. Nokon eksakt statistikk har eg ikkje sett, men eit språk er alltid i endring, anten vi vil eller ikkje. Det var og litt fokus på dette fenomenet i skulen. Rulle-R-en hadde høgast status.

Det er vanskeleg å stoppe ei språkleg endring. Hovudutvalet skreiv i saka: «Det beste vern oppnår ein alltid gjennom aktiv bruk». Deretter legg utvalet til at folk må vere stolte av dialekta si og at mykje kan gjerast i barnehagar og skular.

Kor mange som rullar på R-en no, veit eg ikkje, men Svein Kåre vart landskjent med dette utsegnet om tungebruk:

«Kyss ein frå Bremangar og kjenn forskjellen!»

I Dagbladet Magasinet i 2003 vart gamleordføraren spurt om stoda då:

«Eg trur ganske mange passar på i Bremanger. Her lever rulle-R-en i beste velgåande».

Kanskje gjer den det framleis og viser sin motstand mot skarre-R-lyden med sitt utgangspunkt frå hoffet i Paris på 1600-talet..