– Eg gler meg veldig til å ha med meg fleire låtar til festivalen, seier Andrea, som nyleg slapp låten Copycat.

Ho fortel at det skal bli enda fleire låtslepp før festivalen går av stabelen 7. og 8. juli

Gler seg til retur

Andrea har spelt under Strandfestivalen fleire gongar, både på Strandfestivalen junior og på kveldskonsertane.

– Det er veldig kjekt å spele i Refvik. Det er noko eg gler meg veldig til. Det er nydelege omgivnadar, fantastisk energi i publikum og det gir meg skikkeleg sommarfølelse.

– Har du spelt på finare plassar?

– Nei, verkeleg ikkje. Når du står på scena har du utsikt til ein av Norge sine finaste strender. Det er noko heilt anna enn å spele inne i ein konsertsal.

– Kva er det beste med å stå på scena?

– Då gjer eg noko eg verkeleg elskar. Eg er så heldig at eg har moglegheit til å formidle følelsane mine og energien min gjennom musikk. Etter ein konsert er eg ekstra inspirert og har lyst til å gjere det igjen med ein gong.

Frå før er det kjent at DumDum Boys, Stavangerkameratene, Stage Dolls, Rotlaus, Vestlandsfanden og Morgan Sulele er klare for årets festival.

– Det er veldig gøy å sjå programmet i år og eg trur det kjem til å bli veldig bra. Eg likar veldig godt at det er så variert, slik at der er noko for ein kvar smak.

Blir alltid nervøs

Andrea synest det er ekstra kjekt å få spele på heimebane, men innrømmer at det også bidrar til litt meir nervøsitet i forkant.

– Eg blir alltid litt nervøs og kjenner det i magen før eg skal på scena. Men eg trur at ein har veldig godt av det. Eg trur ein presterer betre med litt nervøsitet i kroppen, seier Andrea, og held fram:

– Og så blir eg jo litt ekstra nervøs når eg spelar heime. Der kjenner eg folk og kjenner litt på at eg ikkje vil skuffe dei.

Men Andrea er godt kjent med å spele framfor folk ho kjenner.

– Familien min er veldig flinke til å komme å sjå på meg når eg opptrer. Det spørst sjølvsagt litt kor spelejobbane er, men når dei har moglegheit så dukkar dei opp.

Veldig fornøgd med booking

Tone Refvik som sit i styret i Strandfestival er svært godt fornøgd med at Andrea blir ein del av årets festivalprogram.

– Vi ville gjerne ha med kvinnelege artistar, og når vi har ein så bra kvinneleg artist i lokalmiljøet vårt, så måtte vi få med ho. Andrea har også nye låtar, så dette blir veldig bra. Vi gler oss, smiler Refvik.

Festivalen prøver kvart år å få med seg lokale artistar.

– Andrea har vore her tidlegare, og ho er ein veldig dyktig artist. Vi prøver å ha ein god miks av artistar og sjangrar på festivalen slik at vi kan nå alle, seier Refvik.