Oversikta over attraksjonar og aktivitetar er henta frå Fjordenes Tidende sitt sommarmagasin. Heile magasinet kan du lese her. Du kan også besøke fjt.no sine sommarsider.

Test nervane i Via Ferrata

Hornelen Via Ferrata, jernløypa som er hogd inn i fjellsida på Europas høgste havklippe på 860 m.o.h, skal opne i midten av juni 2023. Her klatrar ein rett opp ei stupbratt fjellside over sjø noko som gjer opplevinga mildt sagt luftig. Adrenalinkicket er eit faktum.

Du kan velje ditt eige nivå, der er fleire ruter ein kan klatre, korte og lengre, og ein kan velje mellom guida halv- eller heildagstur. Hornelen Via Ferrata lovar at ein får oppleve det storslåtte landskapet til fulle samtidig som sikkerheita er vareteke gjennom erfarne guidar og nødvendige sikkerheitstiltak. Og dei som ikkje orkar sjå høgdeskrekken rett i kvitauget, kan jo ta seg ein heilt vanleg tur på Hornelen. Der er fleire ruter opp.

Slapp av med sand og sol

Bremanger er kjent for sine fantastiske strender og storslåtte natur. Både Grotlesanden ved bygda Grotle i ytre Bremanger og Vetvika ytst i havgapet, som du ser på bildet, er svært populære stadar å besøke for turistar. Den silkemjuke, kvite sanden er både fin å ligge på og å gå tur på. Grotlesanden kjem du deg enkelt til med bil, medan Vetvika krev ein gåtur over fjellet eller du kan kome sjøvegen. Om ein kjem med båt til strendene, må ein ankre opp lenger ute, og ro eller svømme inn.

Trivelege bygder overalt

I Bremanger finn ein fleire idylliske bygder. I Iglandsvik (bildet) er det mange turisttilbod og bygda har også sin eigen rockfestival. På Rugsundøy ligg den gamle handelsstaden i Rugsund, og den vesle bygda er omkransa av vakker natur. I Smørhamn finn ein også ein handelsstad med historie i veggane. Tar du ein køyretur gjennom Bremanger finn du fleire slike idylliske bygder på rekke og rad.

Et lunsjen din med havørnene

På øya Frøya kan du nyte panoramautsikt frå ei helt spesiell hytte høgt oppe i fjellsida. Med sine store vindauge er stormhytta den perfekte plassen å nyte ein god lunsj medan ein nyt den unike naturen utanfor. Om du er heldig får du kanskje sjå ein av mange havørn flyge like forbi. Her er det fint å vere både på varme sommardagar og på kalde og regnfulle dagar. Stormhytta er del av satsinga «stormwatching» som tilbyr unike opplevingar i all slags vêr.

Ein kan enten gå opp frå Nesje (ca. 3 km) eller frå Kalvåg (6,5 km). Ei anna hytte ein kan besøke høgt over havet, er Vetehytta, dagsturhytta i Bremanger. Den ligg på fjellet Veten på om lag 527 m.o.h.

Nyt livet i fjordparadiset

Hos Davik Fjordparadis lokalisert rundt den gamle serveringsstaden Dampen i Davik er det mange tilbod til både lokale og tilreisande turistar, og endå fleire skal det bli. Bubilcampen har plass til 48 og der er straum, sanitæranlegg, tømming av toalett, fylling av vatn og søppeltømming. Bubilplassen har også brygge med eigen uteservering rett ved parkeringa, og i nærleiken er det restaurant på Dampen, nærbutikk, bensinstasjon og badestrand. Drivarane av Davik Fjordparadis jobbar stadig med å utvikle anlegget og har mange planar for framtida.

Sjå unike spor frå folk før oss

Over 2.000 helleristingar, nokre så gamle som 8.000 år. Det finn du i Vingen helleristingsfelt ved Skatestraumen. Helleristingsfeltet er eit av dei største i Norden, og til no veit ein om cirka 2.200 figurar som er hogde inn på bergflater, jordfaste blokker og mindre steinar. Bergbilda er daterte til steinalderen, i tidsrommet 6000–2000 f. Kr. Helleristingsområde er freda. Det er ikkje lov å opphalde seg der utan løyve for å ta vare på det særmerkte området. Bremanger kommune pleier derfor å arrangere organiserte turar gjennom heile sommaren, der ein guide er med og fortel om dette unike kulturminneområdet. Turane går fast kvar fredag frå tidleg i juni til slutten av august. Dersom ein har tid er Kålrabisteinen, Brattbakken og Vehammaren også kjende landemerke på feltet.

Bruk naturen til leik og moro

Fjæresteinane har alltid noko nytt å by på langs kysten. Ta med familien på oppdagingsferd blant rekved, småkrabbar, runde steinar og skarpe skjell Og har du lyst å vere på havet kan du leige kajakk eller bestille deg ein fisketur. Ein fisketur i Bremanger gir deg ei oppleving for livet og på ein slik tur får ein bli med ein lokal skipper ut i båt. Og visste du at der er langt over 100 merka turløyper i Bremanger? Der er også guidar som vil gi deg både meistringsfølelse og eit minne for livet. Ta kontakt med Bremanger turistinformasjon så kan dei guide deg gjennom alle moglegheitene som finst for kjekk aktivitet i Bremanger.

Få nærkontakt med hjortane

Hjortegarden inst i Ålfoten tar deg så nær naturen som det er mogleg å kome. Garden blir driven av Sonja og Karl Vidar Førde. Dei driv som besøksgard, og på garden bur det fleire titals hjortar, men fleire etter kalvinga. Hjortegarden tilbyr også gardsaktivitetar, og kan legge til rette for opplegg for grupper. Besøk må avtalast på førehand. Bygda Ålfoten, der Hjortegarden ligg, er også ei ukjent perle som ligg nydeleg til, i ein avstikkar til Nordfjord, mellom høge fjell og med den kjende isbreen Ålfotbreen i bakgrunnen.

Krigsminne i skjønn natur

Tongane kystfort blei bygd av den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig, men er i dag ei fredeleg perle med ei interessant historie. Festningsverka var bakgrunn for strid under Måløyraidet i romjula 1941, og mykje av anlegget er framleis intakt og tilgjengeleg. Det er sett opp fleire tavler med kart, bilde og annan informasjon, og heile festningsområdet er urørt, utan hytter og hus.

To hotell med mykje å by på

Ved reiselivsbedrifta Knutholmen i Kalvåg (bildet) kan du bade i havet og hoppe rett i ein varm sauna der du kan nyte utsikta til den fantastiske bygda på øya Frøya. Her kan du oppleve kysten på sitt beste med klart vatn og fargerike trehus som står på bryggene i det gamle fiskeværet. Hotellet tilbyr god mat og overnatting i flotte omgjevnadar. Det andre hotellet i kommunen, Bremanger fjordhotell, ligg i Svelgen. Hotellet er samlokalisert med biblioteket og byr på mange rom til overnatting, matservering og underhaldning i helgene. I Svelgen kan ein også nytte høvet til å oppleve bygda si rike industrihistorie, og der finst både hjørnesteinsbedrifta Elkem å sjå og kulturhistoriske løyper å gå.