Indigo Child frå Eid var ein av fem frå fylket som kom vidare til landsfinalen i UKM.

Juryen rosar det høge nivået under årets fylkesfinale.

250 ungdomar frå heile fylket var samla då UKM-festivalen gjekk av stabelen i Førdehuset denne helga. Samtlege bidrog med sceneinnslag og/eller kunstverk, og dei fekk også vere med på ulike typar work-shops i løpet av festivalen.

– Det gav ei heilt spesiell kjensle å stå på UKM-scena og spele for så mange, seier Njål Rundereim, som er bassist i Selje-bandet Plastic Dummies.

– Det har vore ei ufatteleg kjekk helg. Vi fekk lære mykje nytt, og vi har både utfordra oss sjølve og kosa oss, seier han.

Unik oppleving

– Det var litt meir spenning, og enda litt tøffare konkurranse denne gongen enn i lokalmønstringa. Det var ei heilt spesiell kjensle å stå der, og ei oppleving eg oppfordrar andre til å prøve å få med seg, seier Rundereim, som meiner det er bra at ungdom ikkje berre fokuserer på fotball.

– Musikk er også viktig, og eg er glad vi i Plastic Dummies bestemte oss for å byrje å spele saman til UKM, for denne helga ville eg ikkje ha vore forutan, seier han.

Spente og nervøse

Dansegruppa Asian Dance Group frå Vågsøy, med medlemmene Lea Hageland, Sera Natacha Solheim og Verena Bochoun Våge, viste fram ein eigenkoreografert dans.

Men sjølv om ikkje alt gjekk heilt slik det skulle, var jentene ved godt mot etterpå.

– Det var jo veldig kjekt, og erfaringa med å danse framfor så mange mennesker kjem nok godt med ein annan gong, smiler Solheim.

Ungdomskoordinator i Selje kommune, Maria Helgesen, var i Førde. Ho var imponert over det høge nivået og den gode stemninga.

– Både deltakarane og arrangørane var veldig flinke. Eg likte spesielt godt URG, ungdommens ressursgruppe, som passa på at alle hadde det kjekt og var på riktig stad til riktig tid.