Etter teppefall på siste framsyning av La Bohème 13. oktober vert det nye, hektiske veker med øvingar fram til ny premiere i Operahuset Nordfjord fredag 23. november.

Etter fleire dagar og to rundar med audition for alle roller, både for born, ungdommar og vaksne, er no solistlaget med dei sju barneheimsjentene endeleg klart. Hovudrolla Annie går til Sol Alme Brendefur frå Hornindal, og med seg har ho Tuva Nyhammer-Taklo som Duffy, Åsa Liv Røgeberg frå Gloppen som Pepper, Ane Fitje Voxen frå Gloppen som Tessie, Elsa Bredesen frå Eid som July, Maja Kvalsvik Haugen frå Gloppen som Kate og Solvei Kayser Husbyn frå Gloppen som vesle Molly.

Dei andre 11 barneheimsjentene som er plukka ut kjem frå Hornindal, Gloppen, Bremanger og Eid. I tillegg kjem eit omfattande solistlag av vaksne aktørar som skal fyllast av lokale utøvarar. Desse er ikkje heilt klare, enno, men vil vere på plass om kort tid. Til slutt skal ein sette saman eit kor av vaksne kvinner og menn, ungdommar og born.

Annie vert den fjerde familieframsyninga til Opera Nordfjord; balletten Nøtteknekkaren, musikalane The Sound of Music og Du er god, du, Charlie Brown er tidlegare produksjonar for heile familien. Regissør og musikalsk leiar vert Michael Pavelich, som har med seg koreograf Candice Bredesen, som tek seg av både koreografi og innstudering av alle dansenummera.

Billettsalet er allereie i gong for tre framsyningar i Operahuset Nordfjord 23., 24. og 25. november.