Den allsidige musikaren frå Oklahoma er komen heilt til finalen i statskanalen sitt flaggskip på laurdagskvelden – Stjernekamp.

Etter at songstjerner som Gaute Ormåsen, Ida Maria, Lisa Børud og Benedicte Adrian har blitt stemt ut, står no berre Didrik Solli-Tangen att saman med Adam Douglas før laurdagens siste songduell mellom dei to.

– Det er heilt fantastisk at folk har stemt på meg, veke etter veke. Det er veldig inspirerande, seier han.

Får brev

Adam er altså frå Oklahoma, men bur på Harestua i lag med Kristin Solberg som kjem frå Bremanger. Som Fjordenes Tidende har skrive tidlegare, møtte Adam og Kristin kvarandre då Adam spelte på Rockweekend for nokre år sidan. No er Bremanger hans andre heim, og Bremanger har gjort Adam til «sin».

EDM-reprise

Han har vore gjennom både country, stadionrock, joik og opera i tv-programmet. Før finalen har dei fått velje sjølv kva dei skal gjere. Dei har mellom anna fått lov til å gjere gjenta ein av låtane dei har gjort tidlegare i konkurransen.

Då valde Adam ein reprise av Matomas False Alarm som har gjorde i programmet der songarane skulle vise kunnskapane sine innan EDM (elektronisk dansemusikk).

I forhold til EDM-reprisen, betyr det også at gjestedommar og coach frå EDM-programmet, Alexander Pavelich frå Nordfjordeid, gjer eit lite comeback.

– Ein fantastisk fyr, seier Adam kort og presist.

Pavelich har stor tru på at Adam skal gjere det bra i finalen,

– For meg så er han den som gjennom heile sesongen har hatt best vokalprestasjon uansett sjanger. EDM var ein ekstremt god match. Som eg sa i sendinga er stemma hans av typen som kunne vore featuring på ei stor låt. Han kler det utruleg bra, og eg er veldig spent på å sjå korleis han skal toppe den førre framføringa, seier artisten og låtskrivaren.

Konkurranse

Den 36 år gamle norskamerikanaren har gått gjennom ei svært heftig veke, men er klar for finale laurdag.

– Det har vore veldig travelt. Eg har ikkje sett familien skikkeleg på nokre månader no, så eg gleder meg jo til det er over. Og eg føler allereie at eg har vunne, i form av at eg har nådd fram og at det har gått så bra som det har gjort. Det komande året ser veldig bra ut med turné og festivalsesong, seier han.

– Det er nesten litt vanskeleg å snakke om. Eg er berre så takknemleg. For Kristin sin familie som har reist nedover, både svigerforeldra mine Dag og Reidun frå Bremanger og bror til Kristin, Kjetil, som har komme til Oslo frå Bergen. Og sjølvsagt heile Bremanger for støtta, seier han rørt.

Og bak det audmjuke og sympatiske, har det også vakse fram ein konkurransemann.

– Didrik Solli-Tangen er ein fantastisk vokalist, men eg skal ta han på laurdag. Det er no det er kamp. «The pressure is on!», seier ein offensiv Adam.