Premieren på «Skavøypoll idrettslag fritidspark gir Vassvikja nytt ansikt» går av stabelen i Samfunnshallen under 17. mai-arrangementet i Deknepollen. Filmen vil gå i sløyfe slik at folk kan sjå på samtidig som barneleikane pågår.

– Eg har stått for filming, redigering og regi, og Jørgen Blålid har stått for informasjon og forteljing i denne filmen, fortel Bjarne Eldevik.

I filmen tar tur- og friluftsgruppa i idrettslaget deg tilbake i tid, og viser området frå det var ei gjengrodd vik gjennom alle endringar til slik det står fram i dag med naturmøteplass, badestrand og badeplass, grøntområde og kanohamn.

Eldevik har også laga film om turvegen som blei offisielt opna i oktober 2018, og det var her filmprosjekta starta.

– Det er viktig å vise fram arbeidet. Både turvegprosjektet og fritidsparken har kosta mykje arbeid og mange dugnadar, seier Eldevik.

Blir også vist på fjt.no

Og no blir det altså premiere på sistnemnde film på sjølvaste 17. mai.

Og dei som ikkje får med seg premieren i Samfunnshallen på nasjonaldagen, dei kan få sjå den her på fjt.no seinare på kvelden på 17. mai.

– Ja, då kjem vi til å publisere filmen også her på fjt.no – med løyve frå filmskaparen. Filmen blir lagt ut ope for alle, sånn at alle kan få med seg historia bak parken og den store innsatsen som ligg bak den flotte plassen vi no alle kan nyte, seier Håvar Fagerli, redaktør i Fjordenes Tidende.