– Det er flott at innbyggjarar i Kinn kommune ønsker å bruke sin kreativitet og gi flotte gåver til kommunen sin. Det viser at ein set pris på heimplassen sin og ønsker at medborgarar skal få sjå ei samling som er skapt over mange tiår. Kommunedirektøren vurderer at det er for kort tid til å vurdere mottak av ei gåve av ein slik art, kan ei lese i møteboka etter møtet i oppvekst- og kulturutvalet der Husevåg sin søknad blei behandla.

Kommunedirektøren meiner også at det er uklart korleis installasjonen skal utførast, om dette er tenkt som ein varig installasjon, om det er behov for overdekking av installasjonen, samt kva økonomiske konsekvensar dette får og korleis dette vil passe inn i eit offentleg rom.

Uglemanien har hengt i lenge. Dette bildet er frå 2005. Då budde langt over 3.000 ugler allereie på to rom på kontoret til Turid Breidalen. Foto: Kari Midtgård Råsberg

– Kommunedirektøren ber om å få komme tilbake med ei sak som skal innehalde ei vurdering i høve kommunen sine retningslinjer knytt til kunstgåver, der administrasjonen innhenter kunstfagleg ekspertise for å vurdere kvalitet og profesjonalitet. Vidare bør saka vurderast i forhold til plan- og bygningslova og områdeplan for Måløy sentrum.

Sak til første møte i januar

Kommunedirektøren vil no førebu ei sak til første møte i januar, som omfattar vurdering av saka opp mot kommunen sine retningslinjer for kunstgåver og prosess knytt til plan- og bygningslova.

Det var 15. november at kommunen fekk førespurnad om å motta eit gåvebrev med tilhøyrande skulpturer og arktitektarbeid, til ein verdi av 368.000 kroner. Tiltakshavar lage til ein møteplass og skulpturpark i Måløy sentrum i form av eit uglefjell.

Turid Breidalen har samla på ugler nær heile livet og har i samarbeid med arkitekt Roy Husevåg utforma skisser på korleis ein ser for seg ein ugleskuplturpark med 4.700 ugler i Gate 1.

Avgrensingar for å motta gåva ligg til at ein må ha oppstart på byggeplass i løpet av 2023. Turid Breidalen eller Roy Husevåg skal endeleg godkjenne plassering og utforming. Tomta ein tenker på ligg mellom Jobbpartner og Heradsheim i Gate 1.

– Det vil truleg tilførast meir midlar frå Turid privat, igjennom støtteordningar, sponsorar og dugnad. Gåvebrevet inkluderer ikkje dette på noverande tidspunkt.

Givarane presiserer at ein ønskjer ein open prosess der både administrasjon og politikk deltar utan sterke føringer.