– Eg er over gjennomsnittet engasjert. Det er noko eg trur eg har arva. Far min arbeider i industrien, og fagforbundsarbeid har eg alltid tenkt at eg ønskjer å engasjere meg i. Eg ønskjer å engasjere enda fleire unge til å bli med å kjempe fram saker vi unge syns er viktige. Det er trass alt vi som skal ta over industri-Norge, seier 24-åringen, som har sitt daglege virke ved Elkem Bremanger i Svelgen.

På ungdomskonferansen til forbundet Industri Energi Ung som var i Stavanger nyleg fekk Charlotte oppfylt ønsket om å drive fagforeiningsarbeid på heiltid. På konferansen vart 24-åringen, etter eit benkeforslag frå kollega Camilla Landro, valt til 1. nestleiar i forbundet.

– Det var sjukt spennande å sitte der og vente på at dei skulle telje opp stemmene. Det var fem nervepirrande minutt. Eg er utruleg glad for at det var eg som vann. Eg har tenkt på å jobbe for fagforeininga før, men dette vart verkeleg å ta det på sparket, smiler Charlotte.

Rosar arbeidsmiljøet

Opphavleg er den nyvalde nestleiaren frå Åsane i Bergen. Men etter to år på vidaregåande skule i Knarvik sette ho som lærling kurs mot industribygda Svelgen.

– Eg visste ikkje kva eg gjekk til då eg kom til Svelgen som lærling i 2012, men konklusjonen er at eg trivst utruleg godt. Då eg byrja i jobben skjønte eg fort at det var dette eg ville gjere. I tillegg er det er eit veldig bra ungdomsmiljø her, fortel ho.

Charlotte fortel at det er flest menn på hjørnesteinsbedrifta i Svelgen, men at det på hennar avdeling er om lag 50/50 med kvinner og menn.

– Det er eit veldig godt miljø, og det er veldig kjekt at det byrjar å bli litt fleire damer her, sjølv om det framleis er flest menn, seier ho.

Vil skape engasjement

No må altså arbeidsplassen i Svelgen vike til fordel for ein kontorpult i Stavanger. Ho er kjøpt fri frå stillinga si på smelteverket, og det har vore mange av kollegaane som har gratulerer den nyvalde nestleiaren.

– Det har vore utruleg mange helsingar. Det er nesten så eg har tatt til tårene, innrømmer 24-åringen.

Men Charlotte ser framover og understrekar at det er ei oppgåve som blir viktigare enn dei andre når ho tar til i jobben.

Å skape engasjement er ikkje noko nytt for 24-åringen. Dei første åra ho arbeidde i Svelgen fekk ho med seg to andre lærlingar på ungdomskonferansen til Industri Energi Ung. I år reiste tolv unge arbeidarar frå smelteverket til Stavanger.

– I år var vi rekordmange. Vi var fire gutar og åtte jenter som reiste frå Svelgen. Det er veldig kjekt at det er eit så sterkt ungdomsmiljø på Elkem, seier Charlotte.