Sogn og Fjordane Fiskarlag har vedteke følgjande resolusjon på sitt årsmøte:

«Stad Skipstunnel har vore gjenstand for utalte analysar og utgreiingar i løpet av dei siste 35 åra.

For å vurdera om Stad Skipstunnel skal realiserast vert det nytta ein samfunnsøkonomisk analysemodell. Finansdepartementet sitt rettleier i samfunnsøkonomisk analyse skildrar hovudføremålet med denne typen analyse som å «kartleggja, synleggjera og systematisera konsekvensane av tiltak og ramma før beslutning treffast.»

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag meiner at denne analysen er svært mangelfull da viktige element knytta til nytteverdi for fiskerinæringa er helt eller delvis utelatt. Dette gjelder blant anna:

-     tryggleik for folk og eigedom

-     mindre ventetid

-     kvalitetsforringelse av fangst

-     tydinga av fleire aktuelle mottakstadar

-     større utbudsområde på sal særleg på vinterstid

Stad Skipstunnel vil òg gjera det mogleg å flytta ein større del av transporten av sjømat frå land til sjø. Dette er viktig for å oppnå målsettinga om vekst i sjømatnæringa langs heile kysten.

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag stiller seg og uforståande til at verdisettingen av ny hurtigbåtrute mellom Bergen og Ålesund er negativ.

For fiskerinæringa i Sogn og Fjordane vil transport med Hurtigbåt gjennom Stad Skipstunnelen, innebera eit meir effektivt mannskapsbyte på grunn av nærleik til flyplass (Vigra).

Årsmøtet i Sogn og Fjordane Fiskarlag krev at departementet opprettheld vedtaket i Nasjonal Transportplan om og starta bygginga av tunnelen seinast i 2021.»