– Vi gjer våre tiltak på den strekninga, som på alle andre strekningar. Både ut ifrå meldingar til oss, men også målingane som er gjort av kommunen. Det er ingenting alarmerande i målingane som er gjort på Kulen. Det ligg innanfor normalen, seier Nils Bakke, tenestestadsleiar ved Vågsøy lensmannskontor.

– Fartsdumpar legg vi oss ikkje bort i. Det er ein prosentdel som køyrer over fartsgrensa, men det er ikkje utover det vi har sett frå andre målingar andre plassar i kommunen, seier Bakke.