Følg med i valstudioet vårt
Siste innlegg
Har du tips eller spørsmål om dette emnet? Vi vil gjerne høre fra deg!
Hanne dukka plutseleg opp i faren sin gamle valkampdress
Kinn Høgre kosar seg både på Kinn si valvake som største parti etter førehandsstemmene var talde, men partiet jublar også over gode førebelse resultat på fylkesnivå.
Hanne Husebø Kristensen var såpass fasjonabel at ho skifta antrekk undervegs i valvaka i Florø. Plutseleg var ho iført faren sin gamle valkampkjeledress. Faren var tidlegare ordførar i Flora kommune.
– Denne dressen er frå tidleg 80-tal og gravd fram, smiler ho.
Tydelegvis bringer den litt valkamp-lykke med seg.
- Skuffande, men ikkje overraskande
Jacob Nødseth og Venstre ligg an til tre eller fire mandat, når litt over 40 prosent av røystene er talt opp. Nødseth var gjest i direktesendinga til Firdaposten og Fjt, og seier der at resultatet er skuffande.
- Tre eller fire mandat til Venstre, er du nøgd så langt?
- Viss vi får tre mandat, og blir straffa for ansvarlegheit og styringsdyktigheit dei fire siste åra i Kinn, så er det skuffande. Vi har hatt ein meklingsrolle i kommunestyret dei siste åra, og det kan ha straffa seg. Men det er kanskje ikkje overraskande, seier Jacob Nødseth (V).
- No ventar vi på valresultatet. Det vi har no, er kun resultatet av førehandsrøystene, seier Nødseth.
Bildeglimt frå valvakene
«Regjerande parti» vinn førehandsstemmene i Bremanger
Basert på 691 førehandsstemmer ligg Bremanger Ap an til å gjere eit like bra val som sist, medan «regjeringspartnar» Sp slit litt meir.
Tal personar som har stemmerett i Bremanger er 2.790. 24,8 prosent stemte på førehand. Det vil seie at 691 veljarar alt har sagt si meining.
Politikarane kjempar om 23 mandat, og det er Arbeidarpartiet som tek føringa etter at førehandsstemmene er talde opp i Bremanger. Ap får 195 av førehandsstemmene, noko som utgjer 29,3 prosent av stemmene.
Nest største parti i Bremanger basert på førehandsstemmene er Senterpartiet med 15,9 prosent av stemmene.
Dei to partia som har styringa på kommunen i dag, Ap og Sp, har dermed 45,2 prosent av førehandsstemmene.
Men Høgre og Venstre er hall i hel på Sp. Høgre får 15,3 prosent, og Venstre 14,9 prosent av førehandsstemmene.
Industri- og næringspartiet ser også ut til å gjere eit godt val, med 12,8 prosent av førehandsstemmene.
Slik har folket i Kinn førehandsrøysta
Om lag ein tredel av veljarane i Kinn har røysta til kommunevalet på førehand. Slik fordeler røystene seg.
Då førehandsrøystinga i Kinn stengde fredag klokka 15, hadde 3611 personar førehandsrøysta til kommunevalet, av totalt 13.284 stemmeberettiga.
Det er ny rekord for kommunen, og dermed følgjer Kinn ein trend som er gjeldande over heile landet.
Arbeidarpartiet har fått 717 av førehandsrøystene, noko som gir ein oppslutnad på 20,1 prosent, ein tilbakegang på 6,6 prosent frå førre val. Ut frå førehandsrøytene vil det gi åtte mandat i kommunestyret, ein nedgang på to frå inneverande periode.
SV får 198 førehandsrøyster. Det gir oppslutnad på 5,5 prosent, opp 1,7 prosent frå valet i 2019. Blir det endelege resultatet i takt med førehandsrøystinga, held dei fram med to representantar i kommunestyret.
Raudt gjer eit godt val og hankar inn 434 førehandsrøyster. Det gir ein oppslutnad på 12,2 prosent, opp 2,5 prosent og fem representantar, ein auke på ein frå 2019.
Senterpartiet går kanskje ikkje uventa på ein smell, med berre 212 førehandsrøyster. Det gir 5,9 prosent, ein tilbakegang på heile 13,3 prosent. Partiet går frå åtte innvalde kommunestyrerepresentantar i 2019, til berre to.
KrF klatrar ørlite i positiv retning. 130 røyster gir 3,6 prosents oppslutnad, ein auke på 0,3 prosent, og dei knip eit ekstra sete i kommunestyret og får to mandat.
For Venstre må førehandsrøystene vere skuffande. 302 røyster gir 8,5 prosents oppslutnad, ein tilbakegang på 1,6 prosent, som igjen gir tre mandat frå hausten av, mot dagens fire.
Høgre er vinnaren. 904 førehandsrøyster, 25,3 prosents oppslutnad, opp 9,3 prosent frå 2019. Høgregruppa aukar dermed frå dagens seks til heile ti representantar.
Frp er vinnar nummer to av førehandsrøystene. 440 stemmer har dei fått, som gir 12,3 prosent. Det er opp 7,9 prosent og vil gi ei kommunestyregruppe på fem representantar, mot dagens to.
Nykomar INP held koken frå meiningsmålingane. 177 røyster, fem prosents oppslutning og dei susar inn med to representantar.
Dei konservative har fått 43 røyster, Liberalistane 11, medan 43 har røysta blankt.
Stad: Eitt parti stikk av med nesten ein av tre førehandsstemmer
Senterpartiet stikk av med nesten en tredjedel av førehandsstemmene i Stad.
Det er 7.462 personar med stemmerett i Stad kommune. 1.817 av dei har førehandsstemt. Talet i år er 24,4 prosent.
Det er Senterpartiet som tar leiinga i Stad etter at 1.817 godkjente førehandsstemmer er talde opp. Dei stikk av med heile 36,1 prosent av førehandsstemmene.
Ap har gjort det veldig godt i meiningsmålingane før valet. Dei stikk av med 15,5 prosent av førehandsstemmene.
Frp får 13.2 prosent av førehandsstemmene og Høgre 11,7.
Venstre, som har vore vande med å gjere svært gode val i Stad, får 8,7 prosent.
INP, SV og KrF blir omtrent like store basert på førehandsstemmene. INP med 5,5 prosent, SV med 5,4 prosent og KrF med 5,3 prosent.
MDG får 3 prosent av førehandsstemmene.
Eit lite glimt frå stemmelokala
Snart stenger stemmelokala om dei ikkje allereie har stengt. Her er lite glimt frå dagen.
Førehandsstemmene blir klare klokka 21
Førehandsrøystene blir klare kl. 21
Klokka 21.00 publiserer vi resultata frå førehandsrøystene.
Resultata frå Kinn og Bremanger blir presentert her i livestudioet, og i Firdaposten og Fjordenes Tidende si valsending frå Victoria hotell.
Resultata frå Stad kjem også her i livestudioet og i Fjordenes Tidende si valsending frå Nordfjord hotell på Nordfjordeid.
Og medan du ventar kan du kose deg med videoar frå listetoppane i Kinn og Stad i serien Vi berre spør, og i ein heime hos-artikkelserie med dei åtte listetoppane i Bremanger.
Vi har opna alle sakene, og dei kan no lesast av alle som vil.
Stemmetrøbbel i tre kommunar på valdagen
Det har vore stemmetrøbbel i fleire kommunar i Noreg under kommunevalet.
Stemmesetlane til minst eitt parti har mangla i tre ulike kommunar måndag. – Uheldig, slår Kommunaldepartementet fast.
I eitt av vallokala i Kongsberg kommune mangla lista til Konservativt i ein periode, melder VG. Det vart oppdaga halvannan time etter at vallokalet opna.
Tidlegare måndag vart det rapportert om at lista til partiet mangla i stemmelokale både i Tysnes kommune i Vestland og i Balsfjord kommune i Troms og Finnmark.
I Tysnes mangla også lister for partia Liberalistane og Partiet sentrum. Feilen skal ha skjedd ved utpakking av listene, fortel ordførar Kåre Martin Kleppe (H).
– Det skal ikkje skje, og det er veldig dumt. Heldigvis var det første personen som skulle stemme, som gav beskjed, men vi skal ikkje vere avhengige av at veljarane gir beskjed, seier Kleppe til VG.
Skal sjekke alle valavlukke
Kommunal- og distriktsdepartementet kallar situasjonen uheldig.
– Det er uheldig at det manglar stemmesetlar i valavlukka, det har også fullmaktskomiteen på Stortinget uttrykt fleire gonger, seier avdelingsdirektør Siri Dolven til NTB.
Sidan Kommunal- og distriktsdepartementet er klageinstans ved kommunestyre- og fylkestingsvalet, kan dei ikkje kommentere konkrete saker, opplyser ho vidare.
Ho understrekar at valmedarbeidarane jamleg skal sjekke at det er stemmesetlar i alle valavlukka.
I Balsfjord vart feilen oppdaga klokka 18.10 søndag, fortel ordførar Gunda Johansen (Ap) til VG. Feilen er no retta opp, og alle stemmesetlane er på plass.
– Eg har snakka med dei som stod på lista, og det har komme inn fleire klager, og dei skal ta det opp med Valdirektoratet.
Ho understrekar at alle dei som ikkje fann setelen, får høve til å stemme på nytt. Så er det opp til valstyret å behandle om den nye blir gyldig eller ikkje.
Krev omval
Leiar i Konservativt Balsfjord Thorleif Selseng seier til Nordlys at dei vil krevje omval etter at det vart kjent at stemmelistene mangla.
Valdirektoratet stadfesta tidlegare måndag at det er komme inn ei klage til Balsfjord kommune etter stemmetrøbbelet.
I ein e-post til NTB skriv direktoratet at dei har vore i kontakt med kommunen etter at dei vart informerte om saka, og minna dei på at dei skal sørgje for at det er stemmesetlar tilgjengeleg for alle lister som stiller til val i kommunen.
– I denne saka ligg det føre ei klage som skal behandlast av valstyret i kommunen. Kommunal- og distriktsdepartementet er endeleg klageinstans, og Valdirektoratet har inga rolle i denne klagebehandlinga. Behandlinga av klagesaka vil avgjere kva konsekvensar saka får.
NRK melder også om at enkelte stemmesetlar har vore vanskeleg tilgjengelege i stemmeavlukke i eit vallokale i Larvik og i eit lokale i Rælingen.
Så mange har stemt før valdagen i Kinn, Stad og Bremanger
I Kinn, Stad og Bremanger har fleire brukt stemmeretten sin før valdagen. Auken er solid samanlikna med førre kommune- og fylkestingsval i 2019.
I Kinn kommune stemte 19,5 prosent av veljarane før valdagen i 2019. I år er talet 27,5 prosent. Det vil seie at 3.655 veljarar alt har sagt si meining.
I Stad aukar også delen som har valt å stemme på førehand, men ikkje like mykje. I 2019 stemte 20 prosent av veljarane i kommunen på førehand. Talet i år er 24,4 prosent. Dette utgjer 1.817 førehandsstemmer.
I Bremanger stemte 21,6 prosent på førehand. I år er talet 24,8 prosent. Det vil seie at 691 veljarar alt har sagt si meining.
Klokka 21.00 måndag kveld får vi vite kva parti dei som har røysta på førehand har stemt på. Resultatet får du i våre direktesendingar på fjt.no, og det blir også publisert her i livestudioet.