– Det er berre å gratulere Vågsøy med å ha kome til ein konklusjon, seier Bjørlo.

Under dagens kommunestyremøte i Vågsøy vart det eit fleirtal for samanslåing med Flora.

– For Eid/Selje sin del betyr det at vi går vidare med vår prosess, slår Eid-ordføraren fast.

Tidlegare denne veka sendte Selje og Eid ut ein siste invitasjon til Vågsøy, der dei var villege til å snakke om «alt» i intensjonsavtala dersom Vågsøy kom til forhandlingsbordet. Kommunestyra i Selje og Eid gjorde under møtene i Fosnavåg eit felles vedtak der dei opna opp for Vågsøy.