– Svindlarar er gode på å følgje årshjulet til samfunnet, men er du på vakt og stiller deg nokre kontrollspørsmål, så er sjansen stor for at du sjølv avverjar eit svindelforsøk, seier kommunikasjonsdirektør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Johanne Viken Sandnes.

Ho er klar på kva som er den aller viktigaste hugseregelen:

Aldri oppgi passorda dine til nokon. Banken, politiet eller andre institusjonar vil aldri be deg om BankID-passord, kodebrikke eller passorda dine. Får du spørsmål om å oppgi dette kan du vere heilt sikker på at det er svindelforsøk, seier Sandnes.

Før jul er ofte “pakkesvindelforsøk” i vinden.

Vi veit at før jul handlar fleire varer på internett. Dette vil også svindlarane utnytte. Ver difor ekstra merksam på hentemeldingar frå det som kan sjå ut som kjem frå posten eller andre transportørar, der du blir oppfordra til å logge inn med BankID eller legge inn kortinformasjon, seier Sandnes.

Snakk om svindel

Har du blitt svindla, eller forsøkt svindla nokon gong, ønsker Sandnes at du snakkar med andre om dette og fortel kva du opplevde. Det vil vere god informasjon som andre kan ha nytte av for å unngå å bli utsett for svindel.

Vi lærer av kvarandre. Snakk om svindel, svindelforsøk og svindeltrendar både til barna dine og foreldra dine. Kunnskap gjev alle betre forutsetnadar for å kunne gjenkjenne og avsløre eit svindelforsøk, seier ho.

Meld inn og anmeld

Av og til går det gale, og då har banken eit klart råd:

– Dersom du trur at du er svindla, må du ringe banken din så raskt du kan. Desto fortare du ringer, desto tidlegare kan bankane kome i gang med å prøve å stoppe svindelen. Du bør og anmelde svindelen til politiet, seier ho.