Det er VG som har intervjua Lillebø om hendinga på den rasutsette delen av E39.

– Midt i Våtedalen, midt på svarte natta blei det plutseleg heilt kvitt framom bilen min. Eg har nok hatt flaks sidan raset ikkje fekk større følger for meg, seier Sindre Lillebø til avisa.

Raset gjekk rett ned i elva, og sørpe og vatn kom opp igjen på vegen og tok bilen med seg. Lillebø prøvde å få bilen laus, men klarte det ikkje. Like etter gjekk det eit ras til, og Sindre er glad for at han blei verande i bilen.

Han fekk sitte på med ein lastebil heim og var ikkje heime før om morgonen søndag.

Oppdateringar gjennom natta

Vegtrafikksentralen og Vest politidistrikt oppdaterte informasjonen om sørperasa utover natta og morgonen.

– Ein bil er tatt og førar har kome seg ut. Førar er uskadd, opplyste operasjonsleiar i Vest politidistrikt etter rasa.

Vegen var stengt ein lang periode mens entreprenør var på staden. På formiddagen søndag opplyste vegtrafikksentralen at vegen var rydda etter raset, at det var fri ferdsel og situasjonen avklart med geolog.