Sjølv om det både måndag og tysdag er meldt om sol, vil det ifølge meldingane allereie natt til onsdag begynne å blåse opp frå frisk bris frå klokka 01.00 før vindstyrken når ein topp tolv timar seinare klokka 13.00.

Med meldingar om 35 meter i sekundet er det med andre ord venta orkan i kasta denne dagen.

– Det er i forbindelse med nok eit lågtrykk som kjem innover frå vest. Så utover dagen onsdag vil det bli ganske mykje vind og også ein del nedbør, seier statsmeteorolog, Dina Stabell, til Fjordenes Tidende.

Statsmeteorolog, Dina Stabell. Foto: privat

– Dette vil truleg vare gjennom natta, før det roar seg utover dagen. Men det vil nok bli ein del regn og vind også då, seier ho.

Når det gjeld farevarsel, har ho ikkje eit klart svar enno. Ho oppfordrar uansett folk om å følge med.

– Vi kjem nok ikkje til å kome med eit eventuelt farevarsel før på tysdag før vi veit kor kraftig vind det er snakk om. Det kan bli mindre enn det som er venta no, men hovudrådet er uansett å følge med og å ha litt i bakhovudet at det kan bli ein del vind og nedbør den dagen.

Vinterstormar som den på søndag og den som er venta på onsdag er vanleg for denne årstida. Men det som kanskje var litt uvanleg var temperaturen som følgde med vinden søndag kveld. Enkelte stadar blei det nemleg målt opp i femten grader.

– Det er unormalt med den varmen så tidleg på året. Onsdag vil det nok bli ein del lågare temperaturar enn det, men at det kjem kraftige lågtrykk på denne tida er normalt, avsluttar ho.