Meir enn seks kilometer – rett på skuleskyss

– Dersom ein ungdom bur i ei bygd i Nordfjord der det ikkje går buss frå på eit tidspunkt som gjer at ein rekker fram til skulestart ved den vidaregåande skulen ein pendlar til, finst det fylkeskommunale ordningar for at eleven skal komme seg til ein tettstad/by for å rekke ein buss som når fram til skulestart?

– Ja, på generelt grunnlag har dei fleste elevar som bur meir enn seks kilometer frå den vidaregåande skolen sin rett på skoleskyss. Dei fleste vil kunne bruke buss, men for nokon er det behov for tilpassingar. Eksempel på dette kan vere elevar som av medisinske grunnar treng ein annan type skyss eller elevar som bur slik til at det ikkje finst eit passande kollektivtilbod, seier Vetle Nordgård Mikkelsen, kommunikasjonsrådgjevar i Skyss til Fjordenes Tidende.

– For nokre vil det ikkje vere mogleg eller forsvarleg å dagpendle

For elevar som bur langt unna skulen, og ikkje har eit passande kollektivtilbod, blir dette som regel løyst med tilrettelagt skuleskyss, ifølge Nordgård Mikkelsen.

– Då kan enten elev eller føresette køyre sjølve heile eller delar av vegen, fram til eit kollektivtilbod, og få køyregodtgjersle, eller vi kan organisere annan transport, for eksempel at ein samlar opp elevar i en taxi og køyrer til ein eigna haldeplass, seier han.

Bussrutene Fjordenes Tidende sjekka viser at det er mange omsyn å ta for skyss-selskapet, som korrespondanse med andre bussar, skulestart på ulike barneskular, ungdomsskular og vidaregåande, arbeidsruter og meir. Det er rett og slett eit stort puslespel å legge.

– For nokre elevar er reisa så lang og kronglete at det ikkje vil vere mogleg eller forsvarleg å dagpendle til skolen. Då må eleven vurdere å flytte på hybel. Om dei ikkje greier å finne ein stad å bu sjølve, så skal fylkeskommunen hjelpe til med å finne eigna losji. Desse reglane følger av opplæringslova (§ 7-2), seier Nordgård Mikkelsen.

– Vanskeleg å få på plass ein forsvarleg dagleg skuleskyss nokre plassar

Fjordenes Tidende stilte også Skyss følgande spørsmål:

1. Kva plassar i Nordfjord kjem under ei «reise så lang og kronglete at det ikkje vil vere mogleg eller forsvarleg å dagpendle»?

2. Kan de forklare kva kriterier de legg til grunn for å vurdere om ein stad ikkje er mogleg eller forsvarleg å dagpendle til?

3. Kor mange og kva plassar i Nordfjord har ein i dag tilrettelagte skuleskyss?

4. Kor mange elevar gjeld det?

5. Kor mykje kostar den tilrettelagde skuleskyssen i høvesvis Nordfjord og i Vestland, både for køyregodtgjersle og transport de ordnar?

6. Viss elevar pendlar langt, men rekk skulestart ved å starte klokka 06.01 om morgonen, vil då ordninga med tilrettelagt skuleskyss ikkje gjelde?

7. Vil elevar frå Stadlandet som pendlar til Måløy vgs og Eid vgs kunne få tilrettelagt skyss slik ruta er i dag?

Spørsmålet knytt til kostnad var for stort til å svare på på kort tid, men Nordgård Mikkelsen svarte overordna på dei andre:

– Kva som ligg i «reiser som blir for lange og kronglete» er ei vurdering som i stor grad blir gjort av dei aktuelle foreldra og elevane. I nokre tilfelle ser vi at vi ikkje vil kunne få på plass ein forsvarleg dagleg skoleskyss, og då går vi i dialog med skolen, eleven og føresette for å finne ei løysing.

– Ei kompleks vurdering

Han opplyser om at vurderinga av kva stader som er moglege eller forsvarlege å dagpendle til, er ei kompleks vurdering frå sak til sak:

– Blant anna blir tida og kompleksiteten av reisa vekta tungt. Store kostnadar og vanskar med å organisere skuleskyssen speler òg inn i vurderinga, seier han.

Tilrettelagt skuleskyss blir vurdert etter behova som er melde inn kvar skuleår:

– Det er fleire stadar i Nordfjord der vi har tilrettelagd tilførsel, altså at eleven blir frakta til nærmaste busstopp eller båtkai. Blant anna går det ei tilførselsrute frå Stadlandet til Selje for elevar som går på Måløy vgs. Vi vurderer ruter og struktur kvart skuleår basert på behova vi får innmeldt. Det ligg mange individuelle føresetnader og vurderingar til grunn i kvart vedtak om tilrettelagd skoleskyss, avsluttar han.