Spørsmåla er mange etter at fylkesdirektør Rune Haugsdal i Vestland kom med sitt framlegg til høyringsutkast for ny vgs-struktur basert på jobben til ei arbeidsgruppe på seks.

Her kan du få oversikt over forslaget som skal ut på høyring, kva kriterium som låg til grunn for arbeidsgruppa sitt mandat, korleis kriteria har blitt følgt, kva endringar som faktisk er foreslått, korleis dette vil påverke skulane og korleis reaksjonane har vore.

Dette er endringane

Totalt i Vestland fylke er det i dag totalt 19.000 elevar på skulane. Med dette elevtalet er det totalt 2.500 ledige elevplassar i fylket, tilsvarande om lag 125 klassar. Det betyr at ein truleg vil ha 5.000 ledige elevplassar i 2035. Fylkesdirektøren har foreslått å ta ned talet med 700 og ein vil da ha om lag 4.300 ledige plassar i 2035.

Det utlyste opplæringstilbodet i inntaksområdet Nordfjord er for skuleåret 2024/2025 dimensjonert med totalt 1.359 elevplassar, fordelt på åtte yrkesfaglege opplæringstilbod, fire studieførebuande opplæringstilbod og påbygg til generell studiekompetanse. Den nye strukturplanen skal gjelde for åra 2025–2035 med rullering kvart fjerde år. Det er i denne planen at endringane skal fasast inn:

Eid vgs er foreslått å miste FBIE-klassene (frisør, blomster, interiør og eksponeringsdesign) med 30 plassar. Men til gjengjeld skal skulen ha to studiespes-klasser. Dei har nokre tidlegare år ikkje klart å fylle opp den andre klassa. Og ikkje klart å fylle den dette skuleåret. På papiret går dette derfor tilsynelatande opp i opp, men FBIE-linja er likevel viktig for Eid vgs. med tanke på tette relasjonar til Operahuset Nordfjord.

Måløy vgs skal miste studiespesialisering (tre år), YSK (gir studiespes + fagbrev over fire år) og restaurant- og matfag (to år). I alt minst 102 plassar. lnnan helse- og oppvekstfag blir det auke med tilbod om Vg3 helse- og oppvekstfag med studiespesialiserande. Sistnemnde er eit slags påbygg, men berre for helseelevane. Om forslaget går gjennom, blir Måløy vgs ein rein yrkesskule og den minste skulen i Nordfjord. Forslaget spenner også bein under delar av det tette samarbeidet med lokalt næringsliv som er bygd opp over fleire år.

Firda vgs mister studiespes og får halve klasser i musikk, dans og drama, noko som i alt utgjer 42 plassar. Fjerning av studiespes får også konsekvensar for dei andre tilboda ved skulen, og for elevar og lærarar. Skulen får helse- og oppvekstfag vgl og helsearbeidarfag vg2 grunna auka kompetansebehov.

For Stryn vgs er ingen endringar foreslått. Skulen har allereie har to studiespeslinjer, som dei no skal klare å fylle opp med plassane som låg til Firda vgs.

Om ein ser på søkartala for neste skuleår for dei fire skulane, ser ein at Måløy vgs er den skulen med flest søkarar (341), medan Eid vgs har 293 søkarar, Firda vgs 272 og Stryn vgs 227.

Om ein ser på søknad til studiespesialisering for kvar skule for neste skuleår:

  • Måløy vgs: har 33 søkarar til éi klasse med 30 elevar

  • Firda vgs: har 33 søkarar til éi klasse med 30 elevar

  • Eid vgs: har 42 søkarar til to klasser med totalt 60 elevar

  • Stryn vgs: 44 søkarar til to klasser med totalt 60 elevar (i studiespes-klasse nr. 2 ved Stryn vgs er 10 av av dei 30 plassane sett av til skiskyting. I denne klassa finn ein berre 3 av dei 44 søkarane)

Men kva er grunnen til å gjere strukturgrep som rammar skeivt i skular som ser ut til å fungere fint i ein region som har vore kjend for å stå samla om vidaregåande utdanning?

Overkapasitet på 250 elevplassar

Ifølge Vestland fylkeskommune er det tre hovudgrunnar til at ein må gjere grep:

  • Demografiske endringar

  • Endra elevsøking

  • Arbeidslivet sitt behov for kompetanse

Det er ein overkapasitet på 250 elevplassar i inntaksområde Nordfjord i skuleåret 23/24, og fylkeskommunen ønsker ikkje ledige pultar på skulane fordi halve klasser er dyrt. I tillegg viser framtidig utvikling i elevtal ein nedgang i heile Nordfjord.

Det er forståeleg at ein må ta grep for å innrette skulane for framtida. Spørsmålet er kva grep ein skal ta.

Kinn blir av arbeidsgruppa trekt fram som den kommunen som skal få størst nedgang, men tala som er brukt er for kommunen som heilskap, og inkluderer dermed også Florø-området som ligg i Sunnfjord. På same måten blir usikre tal brukt for å gjere grep ved Flora vgs der ein vil legge ned linja sal, service og reiseliv.

Ein annan grunn til å ta på seg brillene og sjå kritisk på demografitala som fylkeskommunen baserer sine avgjerder på, er innspelet som Kinn- og fylkespolitikar Frank Willy Djuvik har kome med, om kva tal det er ein legg til grunn. Han viser til at Kinn har hatt den største folketalsveksten av desse kommunane i både 2022 og 2023, og at dette ikkje er statiske tal.

– Fylkeskommunen har her lagt til grunn at innbyggarar i Kinn mellom 16-18 år skal vere 679 i 2024, men ifølge SSB har dette talet allereie kome opp i 706. Dei to vidaregåande skulane i Kinn har auke i søkartalet på til saman 44 elevar for skuleåret 2024/25, medan for eksempel Førde har 33 færre søkarar enn forrige skuleår, skriv han i ein reaksjon på forslaget.

Overkapasiteten er sjølvsagt reell, men er kutta rettferdig fordelt på dei fire skulane med tanke på kor overkapasiteten på 250 ligg? Er det 102 tomme stolar på Måløy vgs., 42 på Firda vgs, og ingen i Stryn og på Nordfjordeid? Måløy vgs. hadde flest søkarar i inneverande skuleår, og tal frå neste års prøveinntak viser at skulen framleis er den som har flest søkarar.

– Ein stor del av overkapasiteten i tilbodsstrukturen i dag er ledige plassar på studieførebuande utdanningsprogram. (...) Klassar som ikkje er fylt opp er kostbare for fylkeskommunen, skriv arbeidsgruppa og fylkesdirektøren i framlegget.

Dette er imidlertid ikkje eit problem ved Måløy vidaregåande skule. Skulen har høg oppfyllingsgrad, og det er oversøking til studiespesialisering for neste år, som det også var for inneverande år, altså på den linja fylkeskommunen vil ta vekk.

Mange har dei siste dagane reagert på at ei linje som fyllast opp med lokale søkarar blir foreslått flytta, og meiner det er ei merkverdig løysing å sparke bein under tilbodet ved éin skule ved å flytte ei full klasse til ein annan skule utan ein spesielt god grunn.

Ny heilskapleg plan

Ifølge fylkeskommunen er svaret på dette at dei må sjå både Vestland og Nordfjord under eitt, og gjere tilbodet best mogleg for flest mogleg i inntaksområdet.

Det er gjort vedtak i fylkesutvalet om korleis denne omstruktureringsjobben skal gjerast. Det første punktet i vedtaket er slik:

«1.Fylkesutvalet gir fylkesdirektøren mandat til å lage ein ny heilskapleg plan for tilbodsstruktur i Vestland fylkeskommune. Planen skal bygge på vedtekne prinsipp for tilbodsstrukturen. Planen skal vise ulike alternativ for tilbodsstrukturen i Vestland».

I framlegget til høyring frå fylkesdirektøren på bakgrunn av arbeidet i arbeidsgruppa ser ein derimot ikkje fleire alternativ til forslaget som har kome for Nordfjord.

Skal byggast på like prinsipp

I punkt 2 av vedtaket handlar det om kva prinsipp som skal ligge til grunn for planen:

«2. Planen skal bygge på følgjande prinsipp: Gjeldande skulestruktur skal ligge fast. Dei fire måla i temaplanen fornye og forbetre skal vere førande for arbeidet med tilbodsstruktur i Vestland».

Fylkeskommunen seier dei har jobba hardt for å unngå å legge ned skular i Nordfjord, og at det er derfor dei må gjere grepa dei foreslår. I andre delar av Vestland ligg ikkje «gjeldande skulestruktur fast». Der er det skular som er foreslått lagt ned eller slått saman.

I temaplanen finn ein innhaldet i dei fire måla som skal fornye og forbetre skulen, og som skal ligge som prinsipp for vala som blir tatt. Dei fire måla er at:

«1. Elevar og læringar i Vestland har det beste opplæringstilbodet med høg merksemd på trivsel, motivasjon, læring og meistring i eit inkluderande miljø

2. Eit godt samansett lag utviklar eleven, lærlingen og skulen

3. Vidaregåande opplæring har god samanheng med grunnskule og er heilskapleg, fram til arbeidsliv eller høgare utdanning

4. Vidaregåande opplæring i Vestland er ein viktig utviklingsarena for ungdom, vaksne og arbeids- og samfunnsliv».

Dette er «reglane» omstruktureringa skal følge

Vidare i vedtaket kan ein lese om kva kriterium som skal gjelde for sjølve arbeidet med strukturendringane. Kriteria står innleiingsvis i framlegget frå arbeidsgruppa og fylkesdirektøren, og dei skulle vere arbeidsgruppa si rettesnor.

I det følgande går vi gjennom kriteria. Det første handlar om å:

• vidareføre den desentraliserte skulestrukturen. I distrikta er skulen ein viktig hjørnestein for lokalsamfunna og sikrar mange elevar moglegheit til å gå på ein skule nær der dei bur. Elevane skal ha tilgang på variert opplærings- og linjetilbod i sine nærområde.

Forslaget for Nordfjord vidarefører den fysiske, desentraliserte skulestrukturen i form av bygg, men resten av kriteriet handlar om innhaldet i skulebygga. Der kan ein ikkje seie at desentralisering er vidareført når Måløy vgs. som har lengst reiseveg til dei andre tre skulane er den som får flest tilbod og elevplassar flytta – altså sentralisert – innover i fjorden. Ein kan heller ikkje snakke om eit variert opplærings- og linjetilbod når skulen blir gjort til ein rein yrkesskule.

– Dersom forslaget blir vedtatt i si noverande form vil det føre til sentralisering av tilbodet til Nordfjordeid og ei kritisk nedbygging av skulen vår, seier dagleg leiar i Måløy Vekst, Randi Humborstad til Fjordenes Tidende.

• «ha eit tilbod om alle utdanningsprogram og eit breitt spekter av programområde»

Dette har skulane per i dag, og fleire spør seg kvifor ein treng å gjere grep. Men det handlar altså om grunnane over, med overkapasitet, nedgang i elevtal og tilpassing til arbeidslivet, og mandatet til arbeidsgruppa har vore å sjå på Vestland samla.

• «sikre eit så likeverdig og breitt tilbod som mogleg ved å nytte nettundervisning som eit supplement til det integrerte og ordinære tilbodet for alle elevar».

Nettskulen i Vestland finst allereie. Den skal ikkje leggast ned, men vidareførast. Den tilbyr allereie vidaregåande opplæring for elevar i fylkeskommunen – på tvers av skular – i fag som får få elevar.

– Vi har jo Nettskulen i Vestland og blir oppfordra til å ta i bruk tilboda der. Vi har brukt den i fysikk i år, og vi vurderer å bruke den neste skuleår for biologi og fysikk, seier rektor Ellen Jåvold ved Måløy vgs. til Fjordenes Tidende.

Også dei andre skulane bruker Nettskulen ved behov eller samarbeider om fagtilbod.

• «sikre at tilboda i størst mogleg grad er komplementære mellom skulane i elevane sitt bu- og leveområde, dette omfattar eit auka samarbeid mellom skulane for å styrke tilbodet til elevane».

Komplementære betyr at tilboda skal forbetre og styrke kvarandre. Det er allereie eit utstrakt samarbeid mellom skulane i Nordfjord i dag, understrekar fleire av rektorane ved skulane. Dei fleste rektorane trekker fram det gode samhaldet og samarbeidet i Nordfjord, og at ein har hatt tradisjon for å stå saman og hjelpe kvarandre.

• «samle fagtilboda der det er føremålstenleg, slik at ein sikrar sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr. Dette vil gjelde i større grad der det er små reiseavstandar mellom skulane og tilboda».

Utfallet av dette kriteriet avheng av kven det skal vere føremålstenleg for. Er det fylkeskommunen eller fylkeskommuneøkonomien, lærarane, elevane, familiane, kommunane, næringslivet eller lokalsamfunnet?

Kriteriet gjeld i større grad for område med små reiseavstandar mellom skular og tilbod, og det høyrest fornuftig ut å kunne samle tilbod der skulane ligg relativt nær kvarandre og elevane lettare kan reise mellom skulane.

I Nordfjord er det slike avstandar mellom dei nærmaste skulane:

  • 54 km mellom Måløy vgs og Eid vgs

  • 46 km mellom Stryn vgs og Eid vgs

  • 25 km (+ ei ferje på ni-ti minutt) mellom Firda vgs. og Eid vgs.

Kartet arbeidsgruppa har brukt for å sjå på Nordfjord viser geografien godt, og ein ser at dei tre skulane i midtre og indre delar av Nordfjord ligg tettare kvarandre. Kortast avstand er det mellom Eid vgs. og Firda vgs. medan Stryn vgs. også ligg 8 km nærare Nordfjordeid enn Måløy vgs. Foto: Skjermdump frå fylkesdirektøren sitt framlegg

Er kriteriet oppfylt når ein flyttar studiespeslinja frå Måløy vgs, skulen som ligg lengst unna dei andre tre skulane, som jfr. oversikta over ligg tettare kvarandre og allereie har studiespeslinjer?

Det er vanskeleg å tolke kriteriet annleis enn at skular som ligg lenger unna, må ha eige studiespes-tilbod, medan skular som ligg nærare kvarandre kan dele på det.

Ein må også hugse på at alle dei fire skulane har elevar som pendlar til skulen frå andre kommunar rundt seg eller bur på hybel der. Desse får også lenger reise- og flytteveg. Ifølge Selje bygdeutviklingslag er det per i dag ingen bussforbindelse frå Selje til Nordfjordeid som samsvarer med busstidene.

Ergo må det vere noko som overstyrer betydninga av den lengre reiseavstanden elevane ved Måløy vgs får, og det må nødvendigvis vere andre del av dette kriteriet som er å «sikre sterke fagmiljø og ei effektiv utnytting av areal og utstyr».

Argumentet er at to studiespeslinjer på to skular i staden for ei kvar på fire skular vil sikre fagmiljøet. Alle skulane har i dag pluss minus 300 elevar og medfølgande høgt tal lærarar, der lærarar brukast på tvers av yrkesfag, studiespesialisering og YSK, og nokre gongar også skular.

Rektorane ved Måløy vgs, Firda vgs og Stryn vgs. har peikt på at det å flytte studiespesialisering frå skulane til fordel for å bygge eit sterkt fagmiljø innanfor studiespesialisering på nokre skular, heller bygger ned fagmiljøet enn å styrke det.

– Det er direkte øydeleggande for dei to andre tilboda våre. Det er veldig uheldig, seier rektor Hallgeir Hansen ved Firda vgs.

– Skulane i Nordfjord har snakka om det tidlegare og har vore einige, slik eg har forstått det, om at det er viktig at alle fire skulane har eit studiespesialiserande tilbod. (...) Alle yrkesfag har fellesfag og det at ein har gode fagkrefter i allmenne fag som ein kan bruke både på yrkesfag, YSK og studiespesialiserande er kjempeviktig. Det å ha både yrkesfag og studiespesialiserande er ein styrke for ein skule, seier Ellen Jåvold, rektor ved Måløy vidaregåande skule.

– Rektorane har vore einige om at det beste for elevane er eit tilbod slik at flest mogleg kan unngå å bu på hybel. Det har også vore einigheit om at det beste er å ha studiespesialiserande på alle fire skulane. Det er ikkje lenge til neste rektormøte. Då blir det heilt sikkert eit tema, seier rektor Anders Bruvoll ved Stryn vgs til Fjordenes Tidende.

Alle tre er einige om at ein ikkje styrker yrkesfag ved å ta vekk studiespesialiserande.

Rektor ved Eid vgs. har ikkje ønskt å kommentere forholdet til dei andre vidaregåande skulane i Nordfjord, men han fortel at FBIE-tilbodet er viktig for Eid vgs.

• nytte eksisterande bygningsmasse på ein effektiv måte, bygge og rehabilitere for eit fleksibelt bruk

Nokre plassar må ein gjere grep i bygningsmassen for å tilrettelegge for endringane, men det er ikkje skissert endringar for Nordfjord i arbeidsgruppe-grunnlaget frå fylkeskommunen. Her handlar det truleg meir om å fylle dei plassane som er der.

• i størst mogleg grad dimensjonerast etter arbeidslivet sitt behov for kompetanse både no og i framtida. På yrkesfag må det vere samsvar mellom behovet i arbeidslivet, antal elevar i skulen og antal tilgjengelege læreplassar. (frå ynemda).

Måløy vgs:

Kvifor eit samla arbeids- og næringsliv i Nordfjord ønsker at all studiespesialisering skal sentraliserast i midt og indre Nordfjord, er ikkje grunngitt i arbeidsgruppa og fylkesdirektøren sitt forslag. Dei skriv at halve klasser er dyrt, men studiespes-klassa ved Måløy vgs har oversøking. I forklaringa på kvifor YSK, som er ein kombinasjon av studiespesialisering og yrkesfag, blir tatt vekk frå Måløy vgs. står det at tilbodet berre skal vere i Knarvik i framtida. Restaurant- og matfag leggast ned med grunngivinga låg søking over fleire år.

Eid vgs:

FBIE-linja som samarbeider tett med operahuset skal flyttast frå Eid vgs. til Førde vgs. på grunn av låg søking og ei geografisk betre plassering, skriv arbeidsgruppa.

Rektor Alf Reidar Myrstad fortel til Fjordenes Tidende at det er ei betring, og relativt god søking til denne linja for neste skuleår. Det er ei viktig linje for Eid vgs på grunn av tilknytinga til og det tette samarbeidet med operahuset som ligg vegg i vegg. At det stemmer kan ei sjå på dei profesjonelle oppsettingane denne skulen klarer å gjennomføre.

Ein av lærarane i faget, Marilyn Osmundsvåg, meiner det er feil å oppgi geografisk plassering som grunnen til låg søking. Ho meiner det er ein nasjonal trend at det går ned og at det handlar om yrket sin status og låg løn.

Firda vgs:

Skulen mister studiespesialisering noko rektor Hallgeir Hansen har sagt vil vere øydeleggande for dei andre tilboda.

Korleis er kunnskapen om lokale behov henta inn?

For dette området, som det er lagt stor vekt på, vil det vere interessant å høyre kva behov det er lokalt næringsliv har spelt inn, og korleis fylkeskommunen har henta inn denne kunnskapen som naturleg nok vil variere frå skule til skule.

Seksjonsleiar Tor Ivar Sandvik i fylkeskommunen seier at næringslivet har vore involvert via regionalt kompetanseforum og næringsforum, der ein har lagt fram prosessen og planen for arbeidet.

Fleire av skulane har tett samarbeid med lokalt næringsliv i dag, og for den skulen som skal tape flest plassar, Måløy vgs, er tilbodet skreddarsydd til næringslivet og samarbeidet er utstrekt, både på yrkesfag og studiespes, noko skulen og lokalsamfunnet har blitt fortalt av fylkesordførar Jon Askeland er heilt spesielt.

– Det spesielle her i Måløy er samspelet mellom skulen og næringslivet. Det er ikkje alle stadar dette blir gjort, men her opplever eg at dette fungerer veldig bra. Så på mange måtar er skulen ein del av det lokale næringslivet. Det er noko vi må løfte fram. Det handlar om å dra i lag for å utdanne unge som skal vere med i verdiskapinga i åra framover, sa han til Fjordenes Tidende i august i fjor.

– Kinn har det mest varierte næringslivet i Vestland fylke utanom Bergen. Og sjølv om vi treng mange som tek fagutdanning, så treng bedriftene også kompetanse innan realfag, økonomi, og andre høgare utdanningar. Å fjerne denne moglegheita for våre unge vil vere eit stort tap for både elevane, næringslivet, samfunnet og kommunen, seier Frank Willy Djuvik (Frp).

Dette påpeikar også rektor ved Firda vgs. og meiner det vil vere eit tap for både Sandane og distriktet å flytte studiespes-linjene.

• ta omsyn til forventa elevtalsutvikling i dei ulike delane av fylket

Tala for Kinn er allereie problematisert over, i og med at det er tal for heile Kinn som er brukt i analysen av kva som skal gjelde for Nordfjord. I tillegg er det viktig å vere klar på kva tal ein bruker og at ein bruker same metode for alle. Det er allereie trekt i tvil om tala for Kinn er riktige.

Dagleg leiar i Måløy Vekst har også eit tilleggspoeng når det gjeld korleis arbeidsgruppa har brukt framskriving av folketal og elevtal utan å tenke på at alle skulane har hybelbuarar frå andre kommunar.

– I framskrivinga for elevtallsgrunnlaget ser dei berre på Kinn kommune, og tar ikkje omsyn til at skulen har over 100 elevar på hybel frå andre kommunar. Nesten 1/3 av elevane på Måløy vgs. kjem frå andre kommunar, noko som både viser kor attraktivt tilbodet er, men også kor rart det er å framskrive på bakgrunn av ein kommune og deretter basere ny struktur på eit misvisande faktagrunnlag, seier ho til Fjordenes Tidende.

• sikre at flest mogleg vg1-elevar slepp ein ufrivillig lang reiseveg

Her verker grepa som blir foreslått ulogiske. Forslaget som ligg føre for Nordfjord sender langt fleire elevar ut på vegane og på hybel enn før, og den skulen som har lengst reiseveg til dei andre tre skulane, Måløy vgs, får dei største kutta og dermed flest elevar som må bli dagpendlarar.

For Firda vgs. som også skal miste studiespesialisering er avstanden for kort til Nordfjordeid og Eid vgs. til at dei får bortebuarstipend. For familiar med dårleg økonomi vil pendling via ferje og eit bussamband som ikkje er heilt tilpassa.

• fremje inkludering og mangfald blant elevane ved skulane

Å fjerne studiespesialisering, YSK-linja og restaurant- og matfag frå Måløy vgs, og studiespesialisering frå Firda vgs, gjer det motsette av det kriteriet seier, meiner fleire av rektorane.

– Det å ha både yrkesfag og studiespesialiserande gir eit mangfald på ein skule og det er utelukkande positivt, seier rektor Ellen Jåvold ved Måløy vidaregåande skule, og får støtte frå Firda- og Stryn-rektoren.

• sikre eit pedagogisk og sosialt godt tilbod til alle elevar

For små lokalsamfunn er det viktig å halde på dei innbyggarane dei har, og legge til rette for at fleire skal få ønske om å flytte til staden eller flytte heim etter utdanning.

• vere økonomisk berekraftig og sikre ei fleksibel løysing for framtida

Dette er ikkje problematisert i stor grad i rapporten, og det er heller ikkje vist fram reknestykke på endringane, men det er sagt at halve klasser er eit økonomisk problem for fylkeskommunen. Då kan det verke rart å flytte fulle linjer i staden for dei halvfulle. Sjølv om fylkeskommunen løyser sitt eige problem på eit overordna Nordfjord-nivå, kjem skulen og dei lokale samfunnsrekneskapa negativt ut med både svekka økonomisk berekraft og redusert fleksibilitet.

Elevplassar som forsvinn, vil nødvendigvis føre til færre lærarårsverk, men seksjonsleiar Tor Ivar Sandvik i Vestland fylkeskommune seier at dette er noko ein må komme tilbake til på spørsmål om kor mange årsverk desse kutta utgjer.

Fylkesdirektøren skriv dette i framlegget om økonomi på side 1 i rapporten:

– Saka har ikkje som formål å vurdere effektivisering av skulestruktur, men legge til rette for ein meir formålstenleg tilbodsstruktur ut i frå ulike variablar, som forventa elevtalsutvikling, over- og underkapasitet på opplæringstilboda og arbeidslivet sitt behov for kompetanse og arbeidskraft.

På side 9 legg han til dette:

– Forhold som forventa elevtalsutvikling, søking til vidaregåande opplæring, økonomisk situasjon i fylkeskommunen og regionalt kompetansebehov ligg til grunn for arbeidet med høyringsutkastet.

Og på side 11:

– Den heilskaplege planen for tilbodsstruktur forsøker å møte nokre av utfordringane reduksjonen i økonomisk ramme vil gi fylkeskommunen i åra framover, og samtidig sikre eit fagleg og pedagogisk godt tilbod for søkjarane. Ved å bygge tilbod som har eit stabilt søkjartal, er komplementære mellom skulane og som har eit elevtal som gjer tilbodet pedagogisk forsvarleg, kan det bidra til å redusere tal ledige plassar og sikre berekraftige tilbod.

Onsdag 13. mars er det møte i hovudutvalet for opplæring og kompetanse der ein skal diskutere denne saka og gjere vedtak før forslaget eventuelt blir sendt ut på høyring.