– Vi blei veldig overraska over omfanget og sjølvsagt overraska over at dei tar vekk studiespesialiserande frå Firda, men eg blei også overraska over at det blei tatt vekk frå Måløy vidaregåande. Det forundrar meg.

– Ungdom må ha mogelegheiter

Han meiner studiespesialiserande er eit basisutdanningsprogram som bør vere på alle vidaregåande skular i fylket, og at det er med på å gje ei breidde som du ikkje får på dei andre utdanningsprogramma.

– Vi skal ha fagarbeidarar framover, men vi skal jammen ha mange lærarar, sjukepleiarar, tannlegar, legar, ingeniørar og så vidare. Og dei skal også utdannast i distriktet. Ungdom i distriktet skal ha moglegheit til å ta vidare utdanning. Det må vi ikkje begynne å tukle med, seier han.

– I sakspapira står det at det er viktig å styrke yrkesfagleg utdanning. Korleis styrkar ein yrkesfag på ein vidaregåande skule ved å fjerne studiespesialiserande?

– Det gjer ein ikkje. Det er ikkje logikk i det. Det som ligg bak framlegget er ein elevtalsnedgang og den skal vi ta på alvor. Slik eg ser det så styrkar vi ikkje yrkesfaga ved å gjere dei føreslåtte grepa. Vi øydelegg for dei som skal ta høgare utdanning.

I tillegg vil fagmiljøet knytt til dei allmenne faga bli mindre på ein liten yrkesfagleg skule.

Ifølge Hansen har alle skulane sendt inn uttale og fått uttale seg om tilboda ein har og ønsker.

– Det er den måten vi har blitt høyrde på og den prosessen har vore grei.

– Har de visst om samansetninga i arbeidsgruppa som har arbeidd fram forslaget?

– Samansetninga i gruppa har eg ikkje lyst å uttale meg om.

– Vi må støtte kvarandre

– Har rektorane på dei ulike skulane snakka saman om kva de synest gir det beste fagmiljøet, for eksempel med tanke på studiespesialiserande?

– Vi har ikkje snakka konkret om tilbod, men det vi har snakka om er at dei fire vidaregåande skulane i Nordfjord må stå saman. Vi må støtte kvarandre no og sikre at det blir eit likeverdig og breitt tilbod i heile Nordfjord.

Firda har tre studieførebuande utdanningsprogram: musikk, dans og drama, idrett og studiespesialiserande.

– Vi gir heile breidda på realfag og vi er den einaste skulen i Nordfjord som tilbyr fire språk. Denne breidda kan vi gje fordi vi har dei to andre programområda. Viss det som er føreslått skjer, og ein tar vekk studiespesialiserande, vil det rive grunnen under moglegheitene for dei som går idrett og musikk, dans og drama til å få breidde i programfaga. Så det er direkte øydeleggande for dei to andre tilboda våre. Det er veldig uheldig.

Gode søkartal til neste skuleår

Ifølge Hansen viser prøveinntaket at det er god søking til dette programområdet neste skuleår.

– Sjølve tala til prøveinntaket er ikkje offentlege enno, men eg kan seie at det er god søking.

– Kvifor har arbeidsgruppa landa på Eid vidaregåande og Stryn vidaregåande som dei skulane som skal ha to parallellar for å kunne tilby fleire programfag?

– Det veit eg ikkje. Vi har jo nettskulen. Den har vi fått for å kunne gje eit breitt programfagtilbod med skular med ein parallell på studiespesialisering. Det er jo bakgrunnen for heile nettskulen-satsinga.

– Men skal nettskulen leggast ned då?

– Nei, den er under oppbygging.

– Kor kjem hybelbuarane som går på Firda vidaregåande skule frå?

– Dei kjem frå heile fylket. Men på studiespesialiserande har vi færre frå for eksempel Bulandet og Solund etter at inntaksområde og nærskuleprinsippet blei innført. Så hybelbuarane våre no går for det meste på musikk, dans og drama og idrett og kjem frå heile fylket.