– Kva tenker du om framlegget til arbeidsgruppa og fylkesdirektøren?

– For Eid vidaregåande skule sitt vedkomande vil det få konsekvensar i og med at vi blir reduserte på frisør, blomster og interiørdesign som det er grei søknad til per i dag og som har sterke tilknytingar til det som skjer innan operaen med førestillingar og no sist veke med musikalen, seier rektor Alf Reidar Myrstad ved Eid vidaregåande skule.

I rapporten står det at grunngjevinga for at dette programområdet blir flytta til Førde er låg søking og at ei geografisk betre plassering av tilbodet vil famne fleire elevar.

I framlegget frå arbeidsgruppa og fylkesdirektøren ligg også ei justering på plasstalet ved at studiespesialiserande ved Måløy vidaregåande skule blir flytta til Nordfjordeid slik at dei får to parallellar. Skulen vil dermed framleis ha 330 elevar. I tillegg har skulen frå før ei klasse med allmenn påbygg som blei flytta frå Måløy til Nordfjordeid i 2013.

– Det har jo vore justeringar undervegs tidlegare. For vi har hatt høgare plasstal tidlegare, med 428 elevplassar i 2021/2022, seier han.

Har vore leiar ved skulen i 14 år

– Når medlemmane til arbeidsgruppa blei foreslått, har de på Eid vidaregåande hatt oppe dette på drøftingsmøte og fått moglegheit å kommentere eller kome med innspel?

– Nei, det har vi ikkje hatt oppe.

– Har de visst om kven som har sitte i arbeidsgruppa?

– Ja, det har vi blitt orienterte om.

lfølge Myrstad har leiar av arbeidsgruppe i fylket, Torild Natvik, jobba ved Eid vidaregåande skule fram til august 2022 som avdelingsleiar. Skuleåret 2022/2023 var ho tilsett ved Amalie Skram vidaregåande skule.

Ifølge Tor Ivar Sandvik, seksjonsleiar for avdeling opplæring og kompetanse, har Natvik jobba ved Eid vidaregåande skule frå 1. august 2007. I 14 at desse åra har ho hatt ei leiarstilling ved skulen. Ho blei tilsett igjen i leiarstilling frå 1. august 2023, men med permisjon frå skulen fram til 31. desember 2024.

Viser vidare til avdelingsdirektøren

Fjordenes Tidende har også stilt Myrstad følgande spørsmål:

– Har rektorane på dei fire skulane i Nordfjord snakka saman om kva dei meiner er det beste for elevane i regionen?

– I sakspapira står det at det er viktig å styrke yrkesfagleg utdanning. Korleis styrker ein yrkesfag på ein vidaregåande skule ved å fjerne studiespesialiserande?

– Kva kriterium er det arbeidsgruppa har brukt for å komme fram til at det beste er å legge to parallellar med studiespesialiserande til Eid vidaregåande og Stryn vidaregåande?

– Kjem det fram i arbeidet til gruppa at næringslivet ser behov for at studiespesialiserande utdanning blir konsentrert til Nordfjordeid og Stryn?

Myrstad ønsker ikkje å kommentere noko anna enn kva konsekvensar høyringsforslaget får for tilbodet ved Eid vgs.

– Spørsmål utover det må rettast til avdelingsdirektør Bjørn Lyngedal, seier han.