– Vi har ikkje så mange reaksjonar knytt til eigen skulen sidan vi ikkje har fått noko endring, seier rektor ved Stryn vidaregåande skule, Anders Bruvoll og legg til:

– Men det var inga feiring i Stryn då vi såg framlegget. Vi tenkte meir stakkars Måløy fordi vi veit kor dramatisk det er for dei som jobbar på områda som er foreslått fjerna, men sjølvsagt også for heile samfunnet der ute, for elevar, for foreldre, for heile skulen og distriktet. Måløy er heilt klart den skulen som er hardast ramma sidan dei tar vekk så mykje. Det er det ikkje tvil om.

Frå Stryn og Hornindal

Stryn vidaregåande har to parallellar på studiespesialiserande. I den eine klassa er ti av plassane til dei som går landslinja med skiskyting.

– Det har vore variable søkartal til landslinja dei siste åra. Det skjedde noko under koronapandemien og eigentleg med rekrutteringa til idrett generelt, slik at det har vore nede med søknad på landslinja. I fjor var det sju søkarar til vg1, og litt færre i år. Men signal frå klubbane viser at interessa framover kjem til å auke, seier han.

Elevane som går på studiespesialiserande på Stryn vidaregåande kjem frå Stryn kommune og tidlegare Hornindal kommune.

– Tradisjonelt har rundt 2/3 av elevane frå Hornindal søkt seg til Stryn, og det har ikkje endra seg etter at dei blei ein del av Volda kommune. Av desse er det ingen som bur på hybel sidan Hornindal ligg så nært.

Store avstandar i Nordfjord og Sogn og Fjordane

– Har rektorane på dei ulike vidaregåande skulane i Nordfjord snakka saman om kva som er det beste for elevane i området?

– Ja, det har vi gjort opp gjennom tidene, og det er ikkje lenge til neste rektormøte. Då blir det heilt sikkert eit tema. Rektorane har vore einige om at det beste for elevane er eit tilbod slik at flest mogleg kan unngå å bu på hybel. Det har også vore einigheit om at det beste er å ha studiespesialiserande på alle fire skulane.

– Korleis styrkar ein yrkesfaga på ein skule ved å ta vekk studiespesialiserande?

– Det gjer ein vel ikkje. Eg antar dei meiner det gjeld overordna for heile Vestland, og at det er ein slags form for studiespesialiserande igjen der ein har allmenn påbygg.

Bruvoll meiner avstandane i Nordfjord, og eigentleg i Sogn og Fjordane, er ganske store samanlikna med gamle Hordaland. Og han meiner det er positivt med Nettskuletilbod i fag som har svært få elevar på kvar skule. Samarbeid om fag mellom skulane i Nordfjord har vi også gode erfaringar med.

Tidene forandrar seg

– I 2013 var Stryn vidaregåande skule foreslått nedlagt. Det svingar jo veldig?

– Ja, vi unngjekk total nedlegging på grunn av støtte frå dei andre Nordfjordkommunane. Det har vore tverrpolitisk einigheit om at ein skal ha fire skular i Nordfjord og alle har like stort behov for det.

Bruvoll stiller også spørsmål ved prognosane om folkenedgang.

– Nedgang i elevtal i området blir det, men eg blei litt nysgjerrig og såg på tala for den førre skulebruksplanen og prognosane for folketal der. Det er heilt bortanfor kor mykje dei rekna med at nedgangen i Nordfjord skulle vere fram til no. Ein skulle gå ned frå litt over 400 til om lag 300 årleg frå 2012 til no, men det har faktisk omtrent ikkje vore nokon nedgang.

– Kva er kriteria til arbeidsgruppa for at det er Stryn og Eid vidaregåande skule som skal ha to klasser med studiespesialiserande?

– Det kan du seie. Eg har ikkje vore så opptatt av innspela til dei andre skulane. Det klarer dei utmerka godt sjølve. Men for vår del er det slik at ein eigentleg ikkje kan redusere oss særleg meir. Vi har tre studieretningar  i tillegg til studiespesialiserande. Og viss vi skal ha ei viss breidde i tilbodet, må vi faktisk ha det vi har igjen.

– Har de blitt orienterte om kven som skulle sitte i arbeidsgruppa?

– Det har vi sikkert, utan at eg kan huske alle, men eg veit at Torild Natvik er leiar.

– Har de hatt oppe samansetninga i arbeidsgruppa på drøftingsmøte der de har kunne komme med innspel?

– Tenker du på habilitet i og med at Torild Natvik var tilsett på Eid vidaregåande skule? Nei, det har ikkje vore tema her.