På fremste rad satt Svein Falkevik.

– Kjempekjekt! Eg syns han var kjempeflink! Eg var på kyrkjekonserten i går, og det var utruleg bra. No har eg fått med meg dette, og i ettermiddag skal eg på urpremieren på kino, fortel Svein Falkevik.

– Det er meget bra. Det set eg personleg stor pris på. Det er eventyrleg for meg å få høyre og oppleve det, seier Falkevik.

Fellesområdet på Kulatoppen omsorgssenter var pynta med banner og vimplar, og høveleg hawaiikrans var delt ut til dei som var på konserten.

Ein liten bar med sprudlande drikke var også sett opp.

– Ja, vi prøvar å lage litt Elvis-stemning, smiler Øksdal, som fortel at Marisol Eliassen var hjerna bak pyntinga.

– Eg synest det er kjekt, og så er det noko med å glede andre. Dette lagar jo stemning. Konsertane har blitt veldig populære, og det tydar jo på at alle har eit forhold til Elvis på ein eller annan måte, seier Marisol Eliassen.