Tradisjonen med å ringe på dører på jakt etter godteri har begynt å sette seg i vårt område også. Og ein kan kle seg ut i skumle kostyme eller som ei pølse viss ein ønsker det.

Fleire og fleire har begynt å pynte litt utanfor inngangsdøra på denne dagen og då risikerer dei som bankar eller ringer på dører å bli litt skremde.

Dei som skal ut og gå måndag kveld treng ikkje å bekymre seg for vêret. Det er ikkje meldt regn, men dersom ein skal gå lenge er det lurt å vere synleg med refleks sidan det framleis er mørkt på kveldane.

Er du ein av dei som liker Halloween?

Send oss gjerne bilde av korleis du har pynta til Halloween eller korleis du har kledd deg ut. Send dei til fjt@fjt.no eller tagg oss på Instagram med #fjtno. Har du ein kort video du har lyst å dele? Send den på messenger til Fjordenes Tidende på messenger. Eit utval av bilda blir vise på fjt sin insta og i papiravisa.

Er du ein av dei som ikkje liker Halloween?

Det har blitt ein uskriven regel at dei som ikkje har lyst på besøk denne kvelden, skrur av lyset på tunet eller utanfor døra. Det betyr at ein ikkje ønsker besøk av Halloween-gjestar og ikkje deler ut godteri.