Beredskapsgruppa til Kinn kommune sat allereie i møte då farevarselet blei oppgradert til raudt på tideleg ettermiddag, og var klare til å ta avgjerda, fortel kommunedirektør Øyvind Bang-Olsen til Fjordenes Tidende.

Kinn kommune held skular, SFO og barnehagar stengt i Måløy-delen av Kinn kommune morgon onsdag 31. januar. Dette er bestemt av beredskapsleiinga og kommunalsjef for oppvekst, Runa Nybakk.

– Det blir heimeskule, og kontaktlærar sender oppgåver og opplegg til elevane, står det i meldinga frå kommunen.

Fagskulen i Vestland, avdeling Måløy, har også bestemt seg for å heimeskule onsdag.

– Vi har sendt ut melding til lærarar og tilsette om heimeskule i morgon, seier Inger Vedvik Nygård til Fjordenes Tidende.

Også rektor Ellen Jåvold ved Måløy vidaregåande skule bekreftar at skulen følger retningslinjene til kommunen.

– Vi har heimeskule for alle elevar i morgon.

– Må tenke på tryggleiken

Skulane i Florø-delen av kommune er førebels ikkje stengt, men det er meldt sterk vind der også, og beredskapsgruppa vil følge situasjonen nøye, opplyser ordførar Bengt Solheim-Olsen.

– Vi har etablert kriseleiing for Måløy-delen av kommunen, og vi skjønner at stengde skular og barnehagar skapar litt utfordringar for folk, men vi må tenke på tryggleiken først, seier han til Fjordenes Tidende, og legg til:

– I sør vil det vere normal drift, men vi ber føresette til elevar i Florabassenget om å halde seg oppdatert på båtrutene.

Han ber folk passe på og halde seg inn om dei kan. Det vil bli organisert transport over Måløysundet om brua blir stengt, men dette er mynta på kritisk helsepersonell som må komme seg til og frå jobb.

Og han går framfor med eit godt eksempel sjølv.

– Det gjer eg. Eg har avlyst alle avtalane mine i Måløy i morgon. Eg ser ingen grunn til at eg skal bevege meg ute i slikt vêr.

Sannsynleg at ein mistar straumen

I eit møte seinare tysdag kveld har beredskapsgruppa i Kinn fått vurderingar frå både Linja og Nordfjordnett, og ordføraren ber om at folk førebur seg på å miste straumen.

– Linja var veldig klar og tydeleg på at med det vêret som er meldt, så må vi førebu oss på at det er sannsynleg at folk mister straumen på ein eller annan måte i løpet av morgondagen. Derfor må folk passe på å få lada opp telefonane sine, og eventuelt andre ladbare ting ein kan få behov for om det skulle bli ei lengre straumutkopling.

Solheim-Olsen ber også folk ta ein siste sjekk på fortøyingar på fritidsbåtar og rundt eigedomane sine.

– Det er viktig å fjerne ting som kan bli tatt av vinden, samt binde godt fast det som elles er vanskeleg å flytte på.

– Er Kinn brann og redning og politiet i spesiell beredskap?

– Ja, dei har mobilisert det dei har av beredskap, og har mellom anna flytta ein brannbil frå Måløy over på fastlandet. Det er liten tvil om at Kinn brann og redning kan kome til å spele ei viktig rolle i morgon. I tillegg har politiet i Måløy etablert kontakt med Røde Kors for å raskt kunne mobilisere ressursar ved behov.

Det vil vere jamlege møter i beredskapsgruppa utover morgondagen. To møtetidspunkt er sett, eitt til klokka 11.30 og eitt til 19.30.

Nettsidene til Kinn kommune vil bli kontinuerleg oppdatert med informasjon utover onsdagen.

– Kva med skulane i Florø-området. Blir det framleis lagt opp til vanleg skuledag for elevane onsdag?

– Ja, vi har lagt opp til det. Det blir ein del vind i Florø også, men ikkje så ekstremt som i Måløy og lengre nord på kysten. I Måløy kan det bli ganske tøffe forhold, avsluttar ordførar Bengt Solheim-Olsen.