– Hadde det ikkje blese ute, så hadde eg heist flagget på halv stang, sa far til to elevar ved Holvik skule då det denne veka var sommarfest.

Sjølv om det var sommarfest, så la ikkje han og andre som var på plass på sommarfesten skjul på at det var vemodig å tenke på at dette var slutten på skule i bygda.

Etter at fleirtalet i Vågsøy kommunestyre bestemte at Holvik skule skal leggast ned etter dette skuleåret, så skal elevane på barnetrinnet frå Holvik og Vågsvåg gå på Skram skole i Måløy frå hausten.

– Ja det er veldig rart seier rektor ved Holvik skule i to år, Anne Langedal Bakke.

– Dette er spesielt både for elvar og dei tilsette ved skulen. Tysdag var det sommarfest. Siste skuledagen er onsdag. Då skal vi berre prøve å kose oss og ha det kjekt med tilsette og elevane, sa ho til Fjordenes Tidende etter festen tysdag.

Bakke seier alle tilsette ved skulen har fått seg jobbar på andre skular i kommunen. Torsdag og fredag måtte dei tilsette i Holvik bruke til å ta ned alt på skulen som skal til Skram skole i Måløy.

Bakke trur det blir veldig bra for elevane når dei kjem til Skram frå hausten.

På sommarfesten tysdag så varta elevane opp med dans, song, sketsjar og fleire flotte soloinnslag.

Rektor Bakke takka alle elevane og foreldre for eit veldig godt samarbeid.

– Vi har hatt nokre fantastiske elevar her på skulen. Både ungdomsskulen i Måløy og Skram skole kan glede seg til å få nokre flotte elevar, sa Bakke på festen.

Foreldra ved Holvik skule takka dei tilsette for jobben dei har gjort med å lære og inspirere elevane.

Heidi Rønhovde peika på dei mange gode sidene ved skulen. Ho sa det er mange som har engasjert seg for å berge skulen, og at det har vore mange år med kamp.

– Men no er det endeleg. Skulen blir lagt ned og vi må sjå framover. De tilsette ved skulen har gitt borna våre ein god start i livet, eit godt grunnlag for det som skal skje vidare i liva deira, sa Rønhovde på vegner av foreldreutvalet ved skulen.

Alle elevane fekk med seg eit lite minne og helsing frå elevar og foreldre. Sommarfesten vart avslutta med eit flott songinnslag der alle elevar og tilsette ved skulen song siste verset til skulen sin.

Ein fullsett gymsal reiste seg og klappa ein siste gong for skulen sin.