– Eg heiar på denne metaforbruken. Det blir kjedeleg språk om dei vaksne er heime heile tida, seier professor i retorikk, Kjell Terje Ringdal, til NRK.

Blant dei som kritiserte Bjørlo for utspelet var Høgre-politikar i Bremanger, Per Røys.

– Eg finn meg ikkje i å bli hengt ut på denne måten, skreiv han på Facebook.

NRK skriv at bakgrunnen for striden er eit gammalt vedtak frå 1985 som gav kommunane høve til å godkjenne eigne arealplanar. Kjernen handlar altså om kommunane klarar å skjøtte dette ansvaret eller om dei treng nokon som kan ha eit meir overordna blikk på forvaltninga av norsk natur.

Lars H. Gulbrandsen (PhD), forskingsleiar ved Fridtjof Nansens Institutt, meiner det auka spenningsnivået mellom lokalpolitikarar og rikspolitikarar først og fremst er eit godt teikn.

– Det er ikkje lenge sidan Vegvesenet kunne planlegge vegar rett gjennom skog og myr, utan at nokon tenkte på karbonutslepp og naturtap. Slik går ikkje lenger, i alle fall ikkje utan at det blir debatt. På same måte er det når kommunar set av område til hyttefelt. Det er ikkje lenger like lett å ture fram, og det aukar konfliktnivået, seier han til NRK.