– I løpet av hausten håpar vi at vegen skal vere farbar, fortel initiativtakar Jørgen K. Blålid.

Ideen til turløypa kom i mars 2016, og rundt påske i år vart første spadetak tatt. Prosjektgruppa har med seg Geir Sandal AS som starta prosjektet med å lage ein 50 meter lang veg frå parkeringsplassen på Måløy Stormarked og ned til vatnet. Då den var på plass starta arbeidet med flytebrygga som kryssar vatnet over til Dalsneset.

– Denne fekk vi 550.000 kroner til i tippemidlar, og den er no lagt ut på vatnet, forklarar Blålid, som fortel at brua ut til flytebrygga er bygd på dugnad.

Lokale sponsorar

Men prosjektgruppa klarar ikkje å kome i land frå flytebrygga utan at det blir bygd veg på Dalsneset. Dette hadde ikkje initiativtakarane pengar til.

– Men då kom Toyota og sa at dei ville garantere for 1 million kroner i lån, og sa at dei ville ta finanskostnadane. Dei var rett og slett ein reddande engel, som gjorde at vi kunne starte bygginga av turvegen frå Toyota og inn mot Dalsneset.

Etter garantien har prosjektgruppa og Geir Sandal AS bygd 500 meter med veg frå bilforhandlaren langs vatnet.

– Vi ser dette som eit positivt prosjekt for heile bygda. Det er veldig kjekt å bidra til at ein får bygd noko slikt, for at folk skal kunne kome seg ut på tur utan å gå opp og ned i Fina-bakken. Det er jo takka vere gode kundar vi kan gjere slike ting, og då kjennest det godt å kunne gje noko tilbake, fortel dagleg leiar og eigar Ørjan Solvang ved Toyota Nordfjord og Førde AS.

I tillegg til lånegarantien og 100.000 i kontantstøtte frå bilforhandlaren har prosjektet fått totalt 450.000 kroner i støtte frå Vågsøy kommune, 200.000 kroner frå Sparebanken Sogn og Fjordane og fleire pengegåver frå lokale bedrifter.

– Vi starta på null og måtte forsøke å få inn nok eigenkapital til å kome i gang. Ofte er det slik at ein må ha litt pengar for å kome i posisjon til å få midlar andre stader. Når ein først kjem i gang kan ballen byrje å rulle, og andre kan få auga opp for prosjektet, seier Blålid.

Vegen er prioritert

For prosjektgruppa handlar alt om å få ferdigstilt turvegen frå Toyota og fram til flytebrygga, slik at ein kan gå frå Ivahavet og opp til stormarkedet. Det er også bygd ein veg frå XL-bygg opp til fortauet ved hovudvegen slik at mjuke trafikantar kan gå heilt frå Ivahavet og opp til skuleområdet til Skavøypoll skule og barnehage før dei må krysse riksvegen.

– No er vi midt i myra og første målet er å kome ned på Dalsneset, slik at vi får ilandføring på brygga. Det er prioritet nummer ein, slår Blålid fast.

Planane til turgruppa inneber også ein avstikkar frå turvegen, om lag midt mellom bilforhandlaren og stormarkedet, og opp i dalen.

– Vi får sjå korleis finansieringa går, men det er absolutt eit mål. Planen er å føre turvegen opp i dalen og lage ei rundløype der. Vi ser også føre oss at denne kan nyttast på vinteren ved at det til dømes blir køyrt skiløyper, fortel Blålid, som seier vidare at dei har planar om både lys og gapahukar langs løypa, men at dette er noko ein får ta etter kvart.

– Tanken er at dette tilbodet er noko som kan utvikle seg gjennom generasjonar.

Brei turveg

Turløypa har allereie fått sine første gjester, og Blålid seier responsen har vore god. Men han understrekar at vegen er del av eit anleggsområde og han ber folk om å respektere skilt.

– Her køyrer mykje anleggstrafikk og maskiner. Per no er vegen veldig brei, men den vil ikkje sjå slik ut når vi er ferdige med prosjektet. Når den er ferdigstilt vil den ha ei bruksbreidde på mellom 2,5 og 3 meter, opplyser initiativtakaren.