Det melder NRK Vestland.

– Når valdeltakinga går såpass mykje ned som no, er det eit varsku om at ein må tenkje gjennom ordninga på nytt, for å fleire til å delta, seier Knut Lundby til NRK.

Han er professor emeritus i medievitskap og tidlegare medlem av Kyrkjemøtet, det øvste organet i Kyrkja.

– At oppslutnaden kjem så lågt ned, reiser spørsmål om kor gyldig dette valet er, seier han vidare.

Kyrkja brukte 70 millionar kroner på valet i år.

Leiar for Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Rauum, er ikkje nøgd med oppslutninga.

– Vi hadde høgare ambisjonar. Vi håpte oppslutninga ville auke, det gjorde ho ikkje, seier ho til NRK.