Namn: Ingrid Johanne Brekke Bergh

Alder: 20

Sivilstand: sambuar

Bustad: Bergen, men kjem frå Holvik

Yrke: student

– Kva er du mest oppteken av?

– For tida er eg mest oppteken av utdanninga eg tar, som er barnehagelærar, og å gjere ein god jobb der. Det er eg oppteken av fordi eg vil sikre dei eg skal arbeide med ei god framtid.

– Kva gjer du på fritida?

– På fritida trenar eg, er med vener og kjærasten, og prøvar å vere ein flink student.

– Kven beundrar du?

– Eg synest alltid det er så vanskelig å svara på kven ein beundrar, men eg beundrar foreldra mine. Dei har gitt meg og søskena mine ein heilt utruleg oppvekst og det er eg evig takknemleg for.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Det beste med heimstaden min er den vakre naturen, at det er stille og roleg og familien min. Vi har mykje fint å sjå på og det er noko med det å kome heim, senke skuldrane og berre puste inn den friske lufta.

– Kva står på di førsteside av Fjordenes Tidende?

– På mi førsteside av Fjordenes Tidene står det 100 nye stillingar i Vågsøy kommune.

– Kva hadde du gjort dersom du var ordførar for ein dag?

– Dersom eg var ordførar for ein dag skulle eg ha sørga for at det blei gitt fleire midlar til barnehagar, skular og helse - og omsorgssektoren.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Malakoff er ei kulturoppleving som slår an kvart år for min del.

– Kva har du på nattbordet?

– Akkurat no ligg boka Utviklingspsykologiske perspektiv på barns oppvekst på nattbordet mitt. Som sagt, eg prøvar å vere ein flink student.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Eg er som regel innom Facebook, Instagram, fjt.no og bt.no i løpet av ein dag. Også er eg vel litt for ofte innom nettstader der ein kan hande kle.

– Kva er meininga med livet?

– For meg er meininga med livet å oppleve mykje, vere med dei som ein bryr seg om og etter kvart slå seg til ro.

Les tidlegare «Dagens ansikt» her: