– Det har i lengre tid vore eit problem med at strekninga frå Pernesvegen og ut i Gangeskaret har kopla ut når det er vind eller bevegelse på linjene, skriv Helena Gangeskar Fure ved Flatraket barnehage i bygda si Facebook-gruppe.

Ho informerer om at ho torsdag har vore i kontakt med dei som har ansvar for meldingar om manglande veg- og gatelys i Stad kommune. Ho hadde meldt inn problemet, som også andre innbyggarar har gjort, med den mørke strekninga og ho lurte på om det var mogleg å få ordna opp i det raskt.

– Dei driv med feilsøking, og det er mogleg at ein må smøre seg med endå litt meir tolmod, spesielt ytre del av Flatraket, sidan dei ikkje har klart å finne feilen endå, skriv ho.

– Men dei arbeider med saken og dei håper at dei snart har funne feilen.