Dette fortel førstekandidat Mari Kristine Melstvedt (41), som opphavleg er kalvågjente. Då huset til bestemora hennar mista all utsikt etter ei utviding av eit næringsbygg på andre sida av vegen, budde ho langt vekke i Trøndelag i lag med sine tre barn. Ho er sikker på at bestemora ikkje var fullt i stand til å fatte kva ho skreiv under på i nabovarselet og at næringsbygget også vart bygd høgare enn planlagt. No er dette historie, men det var der det starta.

Fargerikt

No er Mari busett på Torvanger i Bremanger med ny livspartnar i eit fargerikt oppussingsobjekt av eit hus. Bak ein «hagebåt» spankulerer det ein heil hønefamilie og ein prektig stor hane på grasbakken.

I det eg går langs det høgst ekstraordinære hagegjerdet, der ei rekke gamle syklar er monterte inn på rekke og rad, forstår eg at her bur det kreative menneske. Mari ventar på terrassen under ein middelhavs-turkis fasade med kaffikoppen og minihunden Scooby Doo.

Hagegjerde av klassiske syklar og middelhavsfargar på huset. Foto: Arve Olav F. Solbakken

Ho er politisk debutant som førstekandidat i Raudt, etter at ho i fjor måtte ta over leiaransvaret for Olve Steinset.

– Raudt trengde plutseleg ein ny lokal leiar og eg tenkte at det kan eg gjere. Og no er eg her, midt i den lokale valkampen utan å ha særleg mykje erfaring. Det er ei stor utfordring, men eg tenker at det trengst nye og unge folk i politikken. Eg og andrekandidat Marita Solvang er unge samanlikna med mange av toppkandidatane i dei andre partia.

Fabrikk-nei

– Kva er di viktigaste valkampsak?

– Vi er heilt i mot den nye fabrikken på Holmaneset, på grunn av skadeverknadene på livet i sjøen og på flora og fauna på land. Holmesundet er eit LNF-område. Det er også urettferdig mot dei menneska som blir ramma av utbygginga at store kapitalsterke aktørar legg tungt press på lokaldemokratiet for å vinne fram. Det er meir enn nok industri i Svelgen. Eg trur bygging av denne fabrikken vil få fleire til å flytte frå kommunesenteret, meiner ho.

Raudt på Holmaneset. F.v. Dag Inge Bøe, Jeanette Syversen (1.-kandidat fylkestinget), Mari K. Melstvedt, Olve Steinset og Thea Irene Brox Rasmussen. Foto: pressefoto

I helga var det ein delegasjon frå Raudt på synfaring på Holmaneset. Dei samlar seg om at Bremanger heller må styrkast som kyst- og fiskerikommune, enn naturskadelege arbeidsplassar.

Dei meiner det er meir enn nok vindkraft på land allereie og at havvind-satsinga på fiskebankane må stoppast.

Prøveordning i barnehage

Raudt er del av den politiske semja i Bremanger om å halde på desentraliserte oppvekst- og omsorgstenester.

– Når det gjeld forslaget om gratis barnehage, meiner vi at ei prøveordning med gratis barnehage siste året før skulestart kan vere ein god start. Då kan alle ungane bygge opp relasjonar med kvarandre før skulestart, sidan det er mange som ikkje går i barnehage.

Raudt vil ta kampen mot velferdsprofitørar i helsevesenet og stå opp for dei svakaste i samfunnet.

Usosial eigedomsskatt

– Vi vil auke sosialhjelpssatsane og gjere noko med eigedomsskatten. Det er ein sosialt urettferdig skatt som må endrast, meiner Mari.

Partiet stiller seg bak innføring av eit botnfrådrag på eigedomsskatten for dei med låge inntekter og at skatten kan graderast slik at folk med sekundærbustader og fritidseigedommar skal betale meir.

I valprogrammet elles vil Raudt gjeninnføre gratis mat i barnehagen slik det var før, der ungane og dei vaksne laga gode måltid i lag.

– Kva med KrF sitt forslag om 75.000 kroner i ekstra lønstilskot til helsepersonell som flyttar hit?

– Det kan vere vel verdt å prøve ut og vi vil støtte det. Kommunen brukar enormt mange millionar på innleige av vikarar utanfrå, påpeikar ho.

Stoppe marknadskreftene

I bustadpolitikken er Raudt si haldning at familiefolk som vil slå seg til, burde få tilgang til meir attraktive tomter enn andre, gjerne nær sjøen med attraktiv utsikt.

– Har de teke stilling til bygging av stort symjebasseng i Svelgen?

– Nei, det har vi ikkje teke stilling til i denne valkampen.

Dei store linjene i Raudt er at mål nummer ein er kjempe mot forskjells-Norge, hindre høgresida i å ta makta og sleppe meir av marknadskreftene lause i norske kommunar.