No bur han og kona Karin vakkert til i Fossestranda på sørsida av Bremangerpollen og kan på godvêrsdagar nyte kveldssola gli stemningsfullt ned bak atlanterhavshorisonten.

I desse dagar kriblar det i jaktgenet for friluftsmannen Kjell. I haust skal han ikkje berre kose seg med hjortejakt, men også med jakt på ein plass i kommunestyret.

Avansert 4H-leir

I det frivillige har han tidlegare lagt ned ein stor innsats som leiar for HV-ungdommen på Eid.

– Dette gjorde eg i tillegg til arbeid i lokalpolitikken. Heimeverns-ungdommen er eit tilbod til 16-åringar og oppover. Dei lærte å leve i telt ute i naturen. Vi gjekk mykje på ski vinterstid og dreiv mykje med våpentrening og skyting. Vi la ikkje stor vekt på militær disiplin, men dei lærte seg å marsjere, stille opp, vere korrekt i uniform og helse korrekt. Du kan seie at det var ein avansert versjon av ein 4H-leir.

Kjell har vore primus motor for å starte opp eit lokallag av Industri og Næringspartiet (INP) og får han nok stemmer – ser han fram til å yte sin skjerv i styringa av sin nye heimkommune.

Håpar på valskred

– Partiet ligg an til eit lite valskred andre stader. Kanskje skjer det her også? smiler den akklimatiserte høgrepolitikaren. Han har pensjonert seg frå eit langt yrkesliv i industrien og oljebransjen, så valet av INP verkar høgst naturleg.

INP skil seg markant frå styringsparti som Høgre og Ap, ved at dei vil vere blokkuavhengige og som sentrumsparti kunne utnytte å vere på den berømte vippen.

– I INP kjempar vi for flaggsakene våre, men vi har også program på område som helse og omsorg. Mellom anna vil la tannhelsa komme inn under folketrygda og vil arbeide for å forenkle og dele opp NAV-strukturen i tre delar.

Nei til industriprosjekt

Sørland er rivnande usamd med sitt gamle parti i energipolitikken.

– INP er i mot vindkraft både på land og spesielt i havet. Det er ingen god miljøpolitikk, slår han fast.

INP har markert seg i valkampen med tidleg å flagge eit klart nei til etableringa av hydrogen/ammoniakk-fabrikken på Holmaneset ved Svelgen.

– Vi meiner det er sløsing med rein vasskraft å produsere ein ny energiberar som ammoniakk med eit veldig stort energitap. Å tappe så mykje energi ut frå området her er vi svært skeptiske til. Hjørnesteinen næringslivet i kommunen, Elkem Bremanger, er bekymra for å miste moglegheitene til framtidig utvikling. Billeg og stabil kraft har vore nøkkelen for utviklinga på Elkem Bremanger. Blir dette for mykje tukla med, risikerer vi at dei kinesiske eigarane seier takk og farvel.

Standpunkt før valet

Han viser også til miljøperspektivet; at det blir store inngrep i naturen.

– Det var viktig for oss å ta eit standpunkt før valet. Folk har krav på å få vite kva partia står for. Det er ei så stor sak og så inngripande for folk, at viss lokalpartia ikkje greier å bestemme seg før valet, så bør dei heller vente til neste val. Det kjem til å bli store høge dominerande bygningar som vli ligge flombelyst store delar av døgnet. Eit anlegg som også må ha ei stor sikkerheitssone rundt seg på grunn av eksplosjonsfaren. Vi seier nei både med omsyn til tryggleiken, det visuelle, kraftsløsinga og omsynet til lokalmiljøet.

– Men ein fabrikk vil kunne skape sårt tiltrengde nye arbeidsplassar?

– Holmaneset og Elkem vil måtte konkurrere om dei same arbeidstakarane i prosessindustrien. Vi trur det vil bli turnusordningar og innpendling til denne fabrikken. Eg ser for meg ein pendlarbuss til dømes frå Florø.

Ja til stein og olje

Sørland er langt meir positiv til meir steinundustri, som prosjektet på Aksla.

– Det er fortvilande at Statsforvaltaren og andre instansar overprøver lokalpolitiske vedtak på denne måten.

– Sidan de er i mot hydrogenfabrikk og vindkraft, kva er det som gjer dokke til industri og næringsparti?

– VI ønsker eit lågare skatte- og avgiftstrykk på næringslivet og vi meiner den norske oljeindustrien må vidareutviklast. Det vil ikkje hjelpe miljøet at Norge sluttar å produsere olje. Vi er ein drope i havet når du ser på produksjonen globalt. Du kan sjå oss som berre ein bitte liten strek på skalaen. Det vil heller ikkje hjelpe at vi legg ned eller struper inn gassen. Europa er heilt avhengig av norsk gass. Alternativet er at europearane aukar på med meir brunkol. Vi er ikkje einige i miljøtenkinga når det gjeld å senke CO2-utslepp. Kutt i Norge vil auke utsleppa i andre land. Like eins er vi i mot elektrifisering av sokkelen. Å bruke 50 mrd. for å elektrifisere olje installasjonane til Equinor i Norge og kring 13 milliardar på elektrifiseringen av Melkøya blir heilt feil.

Nektar på klimafornekting

– Er INP klimafornektarar?

– Nei. Vi vil gjere det annleis enn dei politisk korrekte. For oss er ikkje vindkraft miljøvennleg. Kor er konsekvensanalysane og løysingane for korleis ein skal handtere enorme mengder med utslitne venger. Skal ein gjere som i Sverige og fylle eit heilt dalføre med dette plastavfallet? Kva med avskalinga av mikroplast frå turbinvengene til naturen og skadane på fuglelivet? Kvar vindmølle inneheld 1500 liter olje som kan hamne ute i naturen ved havari. Kor er forskingsresultata på konsekvensar av havvind og kva som skjer når havrommet blir bombardert med støy frå installasjonane? På energisida vil vi heller endre skattereglane slik at det vil løne seg å oppgradere vasskrafta. Dessutan meiner vi at satsing på kjernekraft og varmeenergi frå geotermiske anlegg er vegen å gå.

Eigedomsskatten ut

INP vil fjerne eigedomsskatten i Bremanger i komande fireårsperiode.

– Den vart innført i ein vanskeleg periode i oppryddinga etter Terra-skandalen. Då vart det lovd at den skulle fjernast når kommunen kom over kneika. Og der er vi no.

– Folketalet går ned. Kva tiltak vil de ha?

– Vi må gjere det enno meir attraktivt å slå seg til her. Vi vil jobbe for å få gratis barnehage. Når det gjeld rekruttering av til dømes helsepersonell, treng vi draghjelp frå sentrale politikarar som tenker nytt om distriktspolitikk. Det er fleire område i distrikta som treng «finnmarkspakkar» Eg trur ikkje kommunen vil ha råd til tiltak som bidrag til nedbetaling av studiegjeld for å få folk til å flytte til oss.

Stort Svelgen-basseng

INP ønsker som dei andre partie å halde på desentralisert struktur på helsesenter, skular og barnehagar. Dei støttar også tanken om utvikling av eit parkområde ved småbåthamna i Svelgen. Langt meir kontroversielt er punktet om at dei ønsker bygging av nytt stort symjebasseng i kommunesenteret.

– Det må kunne realiserast via eit privat/offentleg-samarbeid.

– Vil de legge ned bassenga i bygdene?

– Dette må vi kunne vurdere., Så vidt eg veit er dei berre opne nokre få veker i året og treng oppgradering og vedlikehald. Men det er klart at vi ønsker fakta og tal på bordet før vi tek endeleg stilling til saka.