Det melder NRK Vestland.

– Eg tenker noko må skje, elles må vi flytte. Det er ikkje aktuelt å oppdra ungane våre der dei kan risikere å hamne i ei ulykke, seier Silje Ulvatn som bur nær riksveg 5 til NRK.

Ordførar i Kinn, Ola Teigen, seier han er kjent med vegstrekka og den høge farta, og fortel til NRK at fleire bekymra foreldre har vore i kontakt med han ved tidlegare høve.

– Ein kan sjølvsagt innføre tiltak, men det er ein veg som det ikkje er så mykje konkret å gjere med. Men haldningsskapande arbeid og at politiet har ressursar til å gjere kontroll og sørge for at dei mest alvorlege fartssyndarane mister førarkortet, er to tiltak, seier han.