Namn:Aud Oddveig Nygård
Alder:47 år
Sivilstatus:gift, to born
Bustad:Eidså
Yrke:sjukepleiar

– Kva er du mest oppteken av?

– Eg er mest oppteken av familie, nære vener, mosjon, glede og smil i kvardagen og det å glede andre.

– Kva gjer du på i fritida?

– Eg syklar, spring og joggar, går på fjellturar, deltek på mosjonsarrangement, og held på med langrenn og alpint.

– Kven beundrar du?

– Beundrar i grunn mange. Dei som brenn for noko og inspirerer i nærmiljøet. For eksempel eldsjeler for turmerking i fjell og natur i Vanylven er nokre eg synest godt om.

– Kva er det beste med heimstaden din?

– Frihet til å velge svært mange merka naturopplevingar i nærområde, gode sykkelturvegar, skogsvegar og lignende. Eg bur i ei kommune som har nærleik til både fjell og hav. Eg har mange gode minner her i frå, og nokre av dei kjem frå: Fire topper over 1000 meter, sykkelturar Hovda Rundt, motbakkeløpet Blåfelden Rett Opp, Nystøylhornet, sykle opp Røfsdalen og sykle vegen til endes, samt sykkel til Sørdalen og opp til Øverberg blant mange fleire favorittar.

– Kva står på di førsteside i Fjordenes Tidende?

– Rovdefjordbrua er teken i bruk og opna for all trafikk.

– Kva ville du gjort om du var ordførar for ein dag?

– Etter to koppar kaffi, ordførar eller ei, jobbe for å synleggjere kvalitetane til kommunen i presse og ute i kommune og distrikt. Vil marknadsføre, skape nysgjerrighet og opplevelselyst. Planlegge om meir og ofte punktvis reklame utad av ulike aktivitetar, kvalitet i fagfelt, reiseliv og bruk av spektakulære bileter kan marknadsføre lysta til å satse for private- og i næringsform. Dette i form av besøk eller flytte til kommunen. Vanylven er ei kommune med god kvalitet på svært mange fagfelt. I lunsjpausa mellom to knekkebrød med ost sette av tid til å diskutere til idear for auka psykisk og fysisk førebygging for helsa i alle aldrar. Som ordføraren gjekk gått føre med godt eksempel og fått til felles oppsatte fjellturar og lettare turar for alle aldrar ulike plassar i kommunen. Etter lunsj var det framskunda opning av Rovdefjordbrua.

– Kva kulturoppleving hugsar du best?

– Musikkopplevingar på konsertar og mosjonsarrangement.

– Kva har du på nattbordet?

– Mobil, klokke, blad i form av Fjell og Vidde, Kondis, Birken og liknande.

– Kva nettstadar er du innom i løpet av ein dag?

– Lokalavisa, distriktsaviser rundt om, andre sentrale aviser. Nyheiter generelt. Er også innom ulike mosjonssider, Facebook og Instagram.

– Kva er meininga med livet?

– For meg er meininga med livet og finne på glede og vere takknemlig i den kvardagslege kvardagen. Skape glede i øyeblikket og gjerne i lag med andre og for andre.

Les tidlegare Dagens ansikt her: